Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Carrauntoohil

Koordinatar:51°59′56″N9°44′34″W / 51.99889°N 9.74278°W /51.99889; -9.74278
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carrauntoohil
fjell
Sørover mot Carrauntoohil (i midten) langs Hagskaret
Land Irland
OmrådeKerry
FjellkjedeMacgillycuddy's Reeks
Høgd1 038 moh.
Primærfaktor1 038 m
Koordinatar51°59′56″N9°44′34″W / 51.99889°N 9.74278°W /51.99889; -9.74278
Kart
Carrauntoohil
51°59′56″N9°44′34″W / 51.998888888889°N 9.7427777777778°W /51.998888888889; -9.7427777777778
Wikimedia Commons: Carrauntoohil

Carrauntoohil (irskCorrán Tuathail), òg stavaCarrantuohill, er eit fjell iCounty Kerry iRepublikken Irland og det høgaste fjellet påIrland. Det er 1 038 meter over havet[1] og den sentrale toppen i fjellkjedaMacgillycuddy's Reeks. Det er to andre toppar i denne kjeda over 1 000 meter (Beenkeragh, 1 010 m ogCaher, 1 001 m). På toppen av fjellet står ein 5 meter høgt metallkross.

Namnet Carrauntoohil kjem frå det irskeCorrán Tuathail, som tyder 'Sigden til Tuathal'.[2]

Fjellet vert stort sett klatra frå nordaust, langs Hagsskaret til passet mellom Carrauntoohil ogCnoc na Péiste, og så nordvest opp den bratte Devil's Ladder. Ruta har vorte farlegare dei siste åra på grunn av lause steinar og mykje folk.[3] Ein treng ikkje klatreutstyr for å nå toppen, men vêret kan vere veldig skiftande og på grunn av fleire for dårleg kledde turistar har det vore fleire dødsfall.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Det høgaste fjellet på Irland». Henta 20. august 2007. 
  2. «Carrauntoohil». Henta 3. november 2006. 
  3. «Devil's Ladder Route». Henta 10. januar 2007. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]


Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Carrauntoohil&oldid=3391307»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp