Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Carl Størmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Størmer

FøddFredrik Carl Mülertz Størmer
3. september1874
Skien kommune
Død13. august1957
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdetalteori,polarlys,matematikk,teori,geofysikk,astrofysikk,oppdagelser og oppfinnelser
Yrkematematikar,fysikar,astronom,universitetslærar,botanikar,oppfinnar,vitskapsperson,redaktør
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materSorbonne Universitetet i Paris
Universitetet i Oslo
Universitetet i Göttingen
BarnLeif Størmer,Per Størmer
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Royal Society
Det franske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Det russiske vitskapsakademiet

Fredrik Carl Mülertz Størmer (fødd 3. september 1874 iSkien, død 13. august 1957) var ein norskmatematikar,geofysikar og nordlysforskar.

Biografi

[endre |endre wikiteksten]

Størmer vart utdannacand.real. i 1898 og vart universitetsstipendiat i 1899. Han studerte matematikk ikkje berre vedDet Kongelege Fredriks Universitet i Kristiania, men òg vedSorbonne iParis (rettleiarar varCharles Émile Picard,Henri Poincaré,Paul Painlevé og andre) frå 1899 til 1900 og iGöttingen iTyskland frå 1902.

Carl Størmer og assistentenBernt Johannes Birkeland tar bilete av nordlyset i Alta

Han vartprofessor i matematikk ved Det Kongelege Fredriks Universitet frå 1903, ei stilling han hadde fram til 1946. Størmer arbeidde ein periode som assistenten tilKristian Birkeland, ognordlysforsking opptok det meste av den vitskaplege karrieren hans. Han utvikla i 1909 saman medOle Krogness eit spesielt kamera for å fotografere nordlyset.

Han vart gift med Adelaide (Ada) Clauson i 1900. Dei hadde fem born. To av dei –Leif ogPer – vart seinare professorar vedUniversitetet i Oslo; høvesvis sompaleontolog/geolog og matematikar.

Størmer var aktiv amatørfotograf som tok mange fotografi av menneske påKarl Johans gate i hovudstaden i 1890-åra. Mange av bileta er av særs stor historisk interesse. Han arrangerte eigne fotoutstillingar i byen. Han nytta skjult kamera under jakka.

Vitskapleg produksjon

[endre |endre wikiteksten]

Dei fleste av dei matematiske arbeida hans handlar omtalteori ogfunksjonsteori. Arbeidet sitt innan geofysikk delte han sjølv opp i følgjande hovudgrupper:

  • Teoretisk arbeid om partikkeltrajektoriar: 52 bidrag,
  • Nordlysobservasjonar: 70 avhandlingar,
  • Solbelyst nordlys: 7 avhandlingar
  • Nattlysande skyer ogperlemorskyer: 12 avhandlingar,
  • Meteorhalar, lange ekko, avhandlingar om sola: 9 avhandlingar.

Verk i utval

[endre |endre wikiteksten]
  • Fra verdensrommets dybder til atomens indre, 1923
  • On the Trajectories of Electric Particles in the Field of a Magnetic Dipole with Application to the Theory of Cosmic Radiation, seks delar, 1934–37
  • The Polar Aurora, Oxford, 1955

Film

[endre |endre wikiteksten]
  • Evald Otterstad (regi):Carl Størmer og hans detektivkamera, Norge, 2008, 20 minutt

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Carl_Størmer&oldid=3411044»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp