Ein var lenge i tvil om tydinga av det walisiske namnet på byen, Caerdydd.Caer, «fort», var uproblematisk, mendytt tyder «dag» på moderne walisisk, og dette gav inga skikkeleg meining. Ein trudde lenge at det kunne vere ei forvansking av namnet på elvaTaff, som byen ligg ved, altså «forta ved Taff». Nyare forsking har avvist dette, og ein har funne ut avromarenAntonius Didius bygde eit fort der byen ligg, og atDydd er ein forvansking av Didius. Det finst ingen kjende restar etter det romerske fortet, men eitnormannisk slott,Cardiff slott, på same stad er bevart. Det vart utvida og ombygd iviktoriansk tid avJohn Patrick Chrichton-Stuart, 3. marki av Bute og arkitektenWilliam Burges.
Nok eit slott,Castell Coch («det raude slottet») ligg nordvest for sentrum. Dette er ein viktorianskfolly teikna av Burges for markien, og bygd i 1870-åra. Eksteriøret har vorte brukt under innspeling av fleirefjernsynsserier, somITV-serien «The Worst Witch».
Cardiffsfotballag,Cardiff City, spelar i det engelskeFootball League Championship og vannFA-cupen i 1927. Cardiff husar ògMillennium Stadium, som er landslagsstadion for fotball ogrugby i Wales. Andre idrettslag i byen er Glamorgans grevskapslag icricket,Blues i rugby union ogishockeylagetDevils.
I 1958 vartSamveldeleikane arrangert i Cardiff.
I tillegg til Cardiff slott, Castell Coch og bygget til nasjonalforsamlinga finn einDet nasjonale museet og galleriet ogCathays Park. I sistnemnde ligg bygningane til lokaladministrasjonen, som er reist etter modell av tilsvarande bygningar iNew Delhi. Den walisiske operaen flytta inn iWales Millennium Centre i november 2004.
Byen har eit eige universitet,Cardiff University, og i tillegg til to høgskular og eit institutt tilhøyrandeUniversity of Wales ogRoyal Welsh College of Music and Drama.
Cardiff var vertskap for den nasjonale kulturtevlingaEisteddfod i 1883, 1899, 1938, 1960 og 1978.
Det har òg vore einorsk kyrkje i byen. Kyrkja blir no brukt som kunstsenter.
Landsbygda utanfor Cardiff
Utsikt austover frå Caerphilly Mountain.
Cardiffs M4 som går gjennom Lisvane
Newport Road i Cardiff sentrum
Sauer i Cardiff
Sti rundt toppen av Caerphilly-fjellet.