Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Capri

Koordinatar:40°33′N14°14′E / 40.550°N 14.233°E /40.550; 14.233
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Capri
Hamna på Capri
Hamna på Capri
Geografi
StadTyrrenhavet
Koordinatar40°33′N14°14′E / 40.550°N 14.233°E /40.550; 14.233
ØygruppeCampanoøyane

Areal10,4 km²

Høgaste punktMonte Solaro (589moh.)

Administrasjon
LandItalia
Region
Provins
Campania
Napoli
Største busetnadCapri (7 728 innb.)

Demografi
Folketal12 200 (2002)
Folketettleik1 170 /km²

Capri er ei øy utanforSorrentinahalvøya iItalia på sørsida avNapolibukta. Øya har vore kjend for den svært vakre naturen sidanDen romerske republikken.

På øya finn ein Marina Piccola («Den vetle hamna»), Belvedere av Tragara, som er ein høgtliggande spaserveg langs villaene, kalksteinsmassane som står ut i havet (Faraglioni), Anacapri,Den blå grotta (Grotta Azzurra) og ruinane av dei keisarlege romerske villaene.

Capri ligg i regionenCampania iProvinsen Napoli. Byen Capri er senteret på øya. Ho har to hamner, Marina Piccola og Marina Grande. Ein eigen kommune,Anacapri, ligg høgt i åsane mot vest.

Namnet til øya kan sporast tilbake til grekarane, dei første kolonistane som busette øya. Dermed kjem namnet truleg ikkje frå det latinskeCapreae, som tyder geiter, men frå det greskeKapros som tyder «villsvin»

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Antikken og romartida

[endre |endre wikiteksten]

I følgje den greske geografenStrabo var Capri ein gong ein del av fastlandet. Dette har ein nyleg stadfesta ved hjelp av geologisk kartlegging og arkeologiske funn.

Byen har vore busett i lange tider. Ein har funne spor etter busetnad frå romartida, som fundamentet til villaen tilAugustus, gigantiske bein og våpen av stein. Keisaren gav ordre om at desse skulle plasserast i hagen hans til hovudresidensen hans, Havpalasset. Seinare utgravingar har vist at det har vore menneske her sidanyngre steinalder ogbronsealderen.

I «Aeniden» skrivVergil at øya vart busett av grekarar frå Teleboi, som kom fråDei joniske øyane. Strabo skriv at «i eldre tider var det to byar på Capri, seinare redusert til ein».[1]Tacitus skreiv at det var tolv keisarvillaer på Capri (ellerCapreae som er det latinske namnet). Fram til 1800-talet kunne ein framleis sjå ruinane av ein ved Tragara.

Etterfølgjaren til Augustus,Tiberius, bygde fleire villaer på Capri. Den mest kjende av desse erVilla Jovis, ein av dei best bevarte romerske villaene i Italia. I år 27 e.Kr. flytta Tiberius permanent til Capri, og styrteRomarriket frå øya fram til han døydde i år 37. I følgje Suetonius utførte Tiberius, i lag med grandnevøen og arvingenCaligula, mange brutale og seksuelt perverse handlingar mot slavane sine.

Utsyn over Capri.

I 182 forvisteCommodus syster siLucilla til Capri. Ho vart avretta kort tid etter.

Mellomalderen og moderne tider

[endre |endre wikiteksten]

Etter slutten på Vestromarriket vart Capri styrt avNapoli og vart råka av fleire åtak frå sjørøvarar. I 866 gav keisarLudvig II øya tilAmalfi. I 987 vart den første biskopen på Capri konsekrert avpave Johannes XV.

I 1496 opprettaFredrik IV av Napoli lovleg og administrativ likskap mellom dei to busetnadane Capri og Anacapri. Sjørøveriet nådde ein topp under regjeringstida tilKarl V. Dei kjende tyrkiske admiralaneKhair ed-Din (kjend som Barbarossa) ogTurgut Reis plyndra øya i høvesvis 1535 og 1553.

Den første kjende personen som vitja øya var den franske antikkforhandlarenJean Jacques Bouchard på 1600-talet, som vert rekna som den første turisten på Capri. Dagboka hans, som vart funne i 1850, er ei viktig kjelde til korleis Capri var på denne tida.

Nyare historie

[endre |endre wikiteksten]

I januar 1806, undernapoleonskrigane, okkuperte franske troppar øya. Britane kasta dei franske troppane bort frå øya i mai same år og øya vart omgjort til ein mektig marinebase. Utbyggjinga øydela derimot fleire arkeologiske stader.Joachim Murat gjenerobra Capri i 1808 og franskmennene vart verande der fram til slutten av napoleonstida (1815), då Capri kom tilbake tilHuset Bourbon frå Napoli.

Capri hamn, sett frå Anacapri

På siste halvdel av 1800-talet vart Capri ein populær feriestad for europeiske kunstnarar, forfattarar og andre kjendisar.John Singer Sargent ogFrank Hyde er av framståande kunstnarar som oppheldt seg på øya seint på 1870-åra. Sargent er mest kjend for ei rekkje portrett av den vakre lokale modellen Rosina Ferrara.

Norman Douglas,Friedrich Alfred Krupp,Jacques d'Adelswärd-Fersen,Christian Wilhelm Allers,Emil von Behring,Curzio Malaparte,Axel Munthe ogMaxim Gorkij skal alle ha eigd bustadar eller ha opphalde seg på øya i meir enn tre månader. Den svenske dronningaViktoria, som jadde Axel Munthe som lege, var ofte her.Gracie Fields hadde ein villa på øya og song to songar, «The Isle of Capri» og «Come Back to Sorrento» om Capri.Mariah Carey eig ein villa på øya.

Boka som førte til den store fascinasjonen for Capri på 1800-talet i Frankrike, Tyskland og England varEntdeckung der Blauen Grotte auf der Insel Capri av dentyske målaren og forfattarenAugust Kopisch, der han skildrar eit besøk til Capri i 1826 og oppdaginga av Den blå grotta. Capri er òg scene for handlinga i «The Lotus Eater», ei novelle avSomerset Maugham. I denne historia reiser hovudpersonen fråBoston til Capri på ferie og vert så forelska i Capri at han sluttar i jobben og avgjer å leve resten av livet på Capri.Claude Debussy referer til åsane på øya i tittelen på hanspréludeLes collines d'Anacapri (1910).

Capri har òg vore ein relativt trygg stad for homofile og lesbiske som ønskte å leve eit meir ope liv. På 1800-talet var diktarenAugust Graf von Platen av dei første.Jacques d'Adelswärd-Fersen skreivnøkkelromanenEt le feu s’èteignit sur le mer (1910) om Capri og innbyggjarane og skapte ein mindre skandale.

Attraksjonar

[endre |endre wikiteksten]
Kart som viser viktige attraksjonar på Capri.
Utsyn over øya frå Anacapri.

Turisme

[endre |endre wikiteksten]
Typisk taxi på Capri.

Capri er eit turistmål for både italienarar og utlendingar. I 1950-åra vart Capri ein populær destinasjon for internasjonalejet set. Den sentrale piazzettaen på Capri, som har halde på den opphavlege landsbyarkitekturen sin, har rekkjer av luksusbutikkar, dyre restaurantar ogpaparazzifotografar som jagar kjendisar.

Om sommaren kjem det svært mange turistar til øya, ofte på dagsturar frå Napoli og Sorrento.

Transport

[endre |endre wikiteksten]

Capri harferje- oghydrofoilsamband til Napoli ogSorrento, i tillegg til mange andre båtsamband til hamner i Napolibukta og på Sorrentinahalvøya. Båtane legg til i Marina Grande, og frå her kan ein takabelbane opp til landsbyen Capri.

Galleri

[endre |endre wikiteksten]
  • Capri
    Capri
  • Faraglione
    Faraglione
  • Grotta Meravigliosa
    Grotta Meravigliosa
  • Ein naturleg boge
    Ein naturleg boge
  • San Giacomo
    San Giacomo
  • Utsyn frå hagen til Augustus
    Utsyn frå hagen til Augustus
  • Marina Piccola frå hagen til Augustus
    Marina Piccola frå hagen til Augustus
  • Monte Tiberio
    Monte Tiberio
  • Il Funiculare frå Marina Grande til Capri
    Il Funiculare frå Marina Grande til Capri
  • Utsyn over Capri
    Utsyn over Capri
  • Utsyn over Capri
    Utsyn over Capri
  • Den blå grotta
    Den blå grotta

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Geographica, 5, 4, 9, 38)

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Capri
Reiseguide forCapri frå Wikivoyage
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Capri&oldid=3470489»
Kategori:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp