Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Cape Wrath

Koordinatar:58°37′29″N5°00′05″W / 58.6248°N 5.0015°W /58.6248; -5.0015
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cape Wrath
nes
Land Storbritannia
Kart
Cape Wrath
58°37′29″N5°00′05″W / 58.6248°N 5.0015°W /58.6248; -5.0015
Wikimedia Commons: Cape Wrath

Cape Wrath (skotsk-gæliskAm Parbh, kjend somAn Carbh i Lewis) er eit nes iSutherland iHighland, nord iSkottland. Det er det nordvestlegaste punktet påøya Storbritannia.

Namnet Cape Wrath kjem frå detnorrønehvarf («vendepunkt»).Vikingane vende ofte skipa sine heimover ved Cape Wrath. Cape Wrath er ein av berre to stader i Storbritannia med namnet «Cape» («kapp») føre seg. Den andre staden erCape Cornwall iCornwall.

Kyle of Durness.

Cape Wrath fyr og kafe

[endre |endre wikiteksten]
Cape Wrath fyr

Det står eit fyr på neset, bygd i 1828 avRobert Stevenson. Det var bemanna fram til 1998 då det vart automatisert avNorthern Lighthouse Board. Oppfor neset ligg ruinane av ein signalstasjon forLloyd's som vart nytta til å overvake skipsfarten i området.

Dei kvite husa ved fyret står stort sett i forfall, men eit av dei har vorte renovert dei siste åra og omgjort til ein kafe for vitjande. Det vert hevda at kafeen er den mest fjerntliggande i Storbritannia og han vart opna i 2009 av prinsesseAnne.[1]

Dyreliv

[endre |endre wikiteksten]

Det aude landskapar har eit rikt dyreliv med mellom annahavhest,kråke,kongeørn,kronhjort,storskarv oghavsule.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Hardman, Robert (20. juni 2009). «A cuppa at the end of the world».Daily Mail (London: Associated Newspapers Ltd). s. 42–43. |access-date= requires|url= (hjelp)

58°37′29″N5°00′05″W / 58.6248°N 5.0015°W /58.6248; -5.0015

Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Cape_Wrath&oldid=3411000»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp