Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Caltagirone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dekorert trapp i Caltagirone
Caltagirone

Caltagirone er ein by og ein kommune i provinsenCatania i regionenSicilia iItalia. Kommunen har om lag 39 000 ibuarar med ei flatevidd på 382 km². Byen Caltagirone ligg 608 meter over havet, 70 km sørvest for provinshovudstadenCatania.

Byen har i lang tid vore kjend for sin produksjon avkeramikk, særleg majolica- ogterrakotta-varer. I dag er produksjonen i større grad vend mot framstilling avskulpturar i keramikk og terrakotta. Næringslivet elles er basert pålandbruk; dyrking avdruer,oliven ogfersken.

Byen vart nesten fullstendig lagd i ruinar under Sicilia-jordskjelvet i 1693. Mange offentlege og private bygningar vart sidan bygd i ein einskaplegbarokkstil. Det er hovudgrunnen til at byen, saman med fleire byar i Val di Noto vart teke med påUNESCO si verdsarvliste i 2002.

Caltagirone er kjend som fødestaden til Luigi Sturzo, grunnleggaren av Partito Popolare Italiano, det seinareDemocrazia Cristiana.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Caltagirone&oldid=2823919»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp