Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Calamiansvinehjort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Calamiansvinehjort
Calamiansvinehjort
Calamiansvinehjort
Status
Status i verda:ENSterkt truga
Systematikk
Rike:DyrAnimalia
Rekkje:RyggstrengdyrChordata
Underrekkje:VirveldyrVertebrata
Klasse:PattedyrMammalia
Orden:KlauvdyrArtiodactyla
Familie:HjortedyrCervidae
Slekt:SvinehjortarAxis
Art:CalamiansvinehjortA. calamianensis
Vitskapleg namn
Axis calamianensis

Calamiansvinehjort (Axis calamianensis) er einhjorteart somberre leverCalamianøyane iPalawan-provinsen påFilippinane.

Dyra har ei lengd på mellom 105 og 115 centimeter og eimankehøgd på mellom 60 og 75 centimeter. Vekta ligg på mellom 36 og 50 kg.

Pelsen har brun grunnferge. Pelsen til hannane blir mørkare med alder. Til forskjell frå den nærskyldesvinehjorten har han aldri flekkar. Den korte, buskete halen har kvit underside. Lemmane er høvesvis lange og ofte mørkare enn resten av kroppen. Berre hannane harhorn, som kan ha opptil tre takkar.

Calamiansvinehjort lever i skogar og er nattaktive. Om dagen kviler dei i tett underskog. Den viktigaste føda deira er lauv, skot og kvistar.[1]

Fostertida er rundt 180 dagar. Ei ho får som regel ein unge og ein sjeldan gong tvillingar. Etter rundt 6 månader slutter ungdyret å dia og etter 8-12 månader er det kjønnsmoge.

Arten har eit svært avgrensa utbreiingsområde på berre 1500 km². Han er også truga av jakt, forstyrring av leveområdet og av innførte artar.

Heile populasjonen ligg truleg på rundt 900 individ, ogIUCN rekner arten som sterkt truga.[2] Den største populasjonen lever i ein viltpark på øya Calauit, medan mindre flokkar finst på øyane Busuanga og Culion.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Los Angeles Zoo and Botanical Gardens | Deer, Calamian».Los Angeles Zoo and Botanical Gardens (på engelsk). Arkivert fråoriginalen 11. mars 2018. Henta 10. mars 2018. 
  2. Oliver, W.; Widmann, P.; Lastica, E. (2008).«Axis calamianensis».The IUCN Red List of Threatened Species. Henta 8. april 2009. 


Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Calamiansvinehjort&oldid=3410935»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp