Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Cæsar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråCaesar)

Cæsar, nokre gonger stavaCaesar, var tittelen tilkeisaren avRomarriket. Det var opphavleg eit eigennamn frå slekta til GaiusJulius Cæsar, men blei seinare også bruka som tittel avetterfølgjarane hans, ilag med ordetimperator. Påtysk,russisk og dei skandinaviske språka er det variantar avcaesar som er bruka som tittel for ein ekstra mektigkonge (Kaiser,tsar,keisar), mens til dømesfransk ogengelsk brukar variantar avimperator (empereur, emperor).

Etter at Julius Cæsar var drepen bleiAugustus av Romarriket, som då heitte Gaius Octavius, adoptert gjennomtestamentet til den gamle statsleiaren. Ifølge romersk skikk tok han namnetGaius Iulius Cæsar Octavianus. OgsåTiberius fekk namnet gjennom adopsjon, medanClaudius var av Iulius Caesar-slekta.

Galba tok makta i år68 tok han òg tittelen cæsar, som nå var gått over frå å vera eit namn på keisaren til å vera ein tittel.

Ordetcæsar hadde opphavleg tydinga 'hårete', og må ha vist til ein mann avIuliafamilien som anten hadde ein flott hårmanke eller tvert imot var temmelegskalla.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]
Spire
Dennehistorieartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Cæsar&oldid=3155554»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp