caatinga | |||
Økoregion | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 912 529 km² | ||
Wikimedia Commons: Caatinga |
Caatinga (portugisisk uttale: [kaɐˈtʃĩɡɐ]) er einøkoregion prega av halvtørr tropisk vegetasjon i det indre,nordaustlege Brasil. Nemninga «caatinga» er eittupi-ord som betyr «kvit skog» eller «kvit vegetasjon» (caa = skog, vegetasjon,tinga = kvit). Caatingaen er einbusk- og tornskog som hovudsakleg består av små trevekstar med torn som feller blada sine sesongmessig.Kaktus, tjukkstilka plantar, tornebuskar og tørre tilpassa grasartar utgjer basisvegetasjonen. Dei fleste vegetasjonar opplever eit kort utbrot av aktivitet i løpet av den tre månader lange regntida. I vest finst ei overgangssone motcerradosavannar og i søraust ligg restar avatlanterhavsskogen.
Caatinga fell heilt innanforjorda si tropiske sone og er ein av 6 store økoregionar iBrasil. Han dekkjer meir enn 900 000 km²,[note 1] over ein tidel av territoriet i landet. Folkesetnaden i regionen er rundt 29 millionar menneske og i regionen finst totalt meir enn 4000 artar av blomstrande plantar, fisk, krypdyr, amfibium, fuglar og pattedyr.[1]
Caatinga er det einaste utelukkande brasilianskebiomet, noko som betyr at ein stor del av den biologiske arven her ikkje kan finnast nokon annan stad på jorda.
Caatinga dekkjer den indre delen av det nordaustlege Brasil som grensar tilatlanterhavskysten, bortsett frå ein utkant avatlanterhavsskogen, og strekkjer seg over ni statar:Piauí,Ceará,Rio Grande do Norte,Paraíba,Pernambuco,Alagoas,Sergipe,Bahia og delar avMinas Gerais. Til saman utgjer caatinga 912 529 km², til samanlikning er det over ni gonger arealet tilPortugal.
Caatingaen ligg mellom 3°S 45°W og 17°S 35°W, og opplever uregelmessig vind frå alle retningar. Nedbøren er derfor periodisk, men intens, totalt 20–80 cm i årleg gjennomsnitt.[2] Sjølv om klimaet er typisk varmt og halvtørt, inkluderer caatinga fleire enklavar med fuktig tropisk skog,[3] med 30–35 meter høge tre.[2]
I nordvest er caatinga avgrensa avMaranhão Babaçu-skogane; i vest og sørvest,atlantiske tørre skogar og cerrado savannar; mot aust, dei fuktige atlanterhavsskogane; og i nord og nordaust,Atlanterhavet.
I dei tørre vinterperiodane prøver plantar å spare vatn, og er det ingen lauvverk eller undervekst. Røter stikk ut gjennom overflata av den steinfylte jorda for å absorbere vatn før det blir fordampa. Blad fell av trea for å redusere transpirasjon.[2] Med alt lauvet og underskogen daudt i tørkeperiodane og alle trea utan blad, har caatingaen eit gulgrå, ørkenaktig utsjånad. I dei tørraste periodane kanjordsmonnet nå temperaturar på opptil 60 °C.[treng kjelde]
Tørken sluttar vanlegvis i desember eller januar, når regntida startar. Straks etter dei første regnet, byrjar det grå, ørkenliknande landskapet å forvandle seg og blir heilt grønt i løpet av få dagar. Små plantar byrjar å vekse i den no fuktige jorda og trea får tilbake blada sine. Elvar som stort sett har vore tørre dei siste 6 eller 7 månadene byrjar å fyllast opp og bekker byrjar å renne igjen.[3] Nær 70 % av arealet får årleg totalt mellom 600 og 1000 mm nedbør.[4]
Caatinga har ein unik biota, med tusenvis av endemiske artar. Caatinga inneheld over 3000 blomstrande karplanteartar i tillegg til 276 maurartar, 371ferskvassfiskeartar, 167 krypdyr og amfibium og 183 pattedyrartar, med endemismenivå som varierer frå 6 prosent hos pattedyr til 53 prosent hos fiskar.[5] Spesielt talet på fugleartar varierer med kjeldene, fordi dei nyttar ulike kriterium. Ein studie frå 2021 knyter 442 fugleartar til caatinga-biomet etter ein streng definisjon av biomet,[6] ei anna tar med 548 artar inkludert trekk- og streiffuglar og dei som er registrerte av fuglekikkarar.[7]
Caatinga svarar ikkje til ein enkelt vegetasjonstype, men snarare ein brei mosaikk. Like fullt er all vegetativ struktur tilpassa halvørkenklimaet.Sukkulentar ogtjukkblada artar dominerer; ikkje-sukkulentar viser små, faste blad og intense forgreining ved botnen, til liks med buskar. Ein iaugefallande palme langs elvebreidder er vanlegvisCopernicia prunifera.
Mange forfattarar deler caatinga inn i to ulike undertypar: tørr («sertão») og fuktig («agreste»), men kategoriseringane varierer til så mange som åtte ulike vegetative regime.[2]
Av dei 183 pattedyrartane som er funne i caatinga, er heile 90flaggermusartar, ordenen Chiroptera. 41 artar ergnagarar, i ordenen Rodentia, og i denne gruppa finst største mengda av endemiske artar, sju. Av store pattedyr kan namnastamazonastapir (Tapirus terrestris),raudspisshjort (Mazama americana),puma (Puma concolor),pampaskatt (Leopardus colocolo) ogozelot (Leopardus pardalis). Her finst ògbrølaper - Atelidae ogkapusinaraper - Cebidae.
Ei artsliste for registreringar i det geografiske området for caatinga inkluderer ca. 440 artar.[6] Familiegruppene med flest artar ertyrannar,tanagarar ogomnfuglar, omtrent i samme fordeling som blant dei ca. 3600 artar i Sør-Amerika.[8]Haukefuglar i caatinga er representert med relativt langt fleire artar enn Sør-Amerika totalt, meir enn 5 % av artane er haukefuglar i caatinga mot 2 % for Sør-Amerika. Om lag 45 % av artane ersporvefuglar. Artsmangfoldet blant fuglar i regionen kan òg illustrerast av spennvidd i storleik: minste arten,ametystkolibri (Calliphlox amethystina) veg ca. 2,4 gram, har kroppslengd på ca. 6-8 cm,[9] og største arten, den strutseliknandestornandu (Rhea americana), der hannar kan bli 1,7 meter i høgd og vege opptil 40 kg.[10]Caatingaen er heimstad for eit ukjent tal av endemiske fugleartar. Nokre med 'caatinga' i artsnamnet og med utbreiing knytt til caatinga er:
Andre endemiske artar erindigoara (Anodorhynchus leari),brilleara (Cyanopsitta spixii),kaktusparakitt (Eupsittula cactorum), ograudtornskrikje (Pseudoseisura cristata).
Basert på radiokarbondatering av potteskar, har talsmenn for historisk økologi som William Denevan og William Balee antyda at store delar av caatinga-regionen kan ha menneskepåverka opphav. For 1000 år sidan kan innfødde folk utilsikta ha skapt miljøet til dagens caatinga gjennom vedvarandesvibruk, og med det blokkertøkologisk suksesjon og hindra store regnskogar i å vekse i regionen.[12]
Omvendt tyder fossile bevis på at caatinga historisk sett kan ha vore ein del av eit mykje større tørt belte.[2][3]
Caatinga er dårleg representert i det brasilianske nettverket av verneområde, med berre 1 % i integrerte verneområde og 6 % i verneområde for berekraftig bruk.[13] Beskytta område inkluderer Chapada Diamantina nasjonalpark, Serra da Capivara nasjonalpark og Serra das Confusões nasjonalpark.
Økonomisk utvikla har fragmentert det opphavlege biomet. Anslag på mengda caatinga transformert påverka av økonomisk utvikling varierer 25-50 %, noko som gjer caatinga til det mest reduserte økosystemet i Brasil, etter atlanterhavsskogen, som har mista over 80 % av det opphavlege dekket.[3]
Mange av dei nær 30 millionar menneske innanfor økosystemet lever i fattigdom, og mange er avhengige av utvinning av naturressursar for eit levebrød.[2] Det er få drikkevasskjelder, og hausting er vanskeleg på grunn av uregelmessig nedbør. Folkesetnaden er fordelt på 1213 kommunar og av dei ni brasilianske delstatane har to sin delstatshovudstad innanfor økoregionen.[1]
Innfødde plantar blir brukte i lokalt landbruk, mykje av det svibruk.[3]Pilocarpus jaborandi ser ut til å vise medisinske eigenskapar. Fruktene til umbú og mangabá blir brukte som mat direkte, og andre artar blir brukte til grovfôr. Lokale palmar produserer laurinsyre og oljer av kommersiell kvalitet, som ligg til grunn for mykje av økonomien i det nordaustlege Brasil.[2]
Meliponkultur avbier utan giftbrodd er også ein velutvikla og tradisjonell aktivitet i regionen.[14] Ein av dei mest produktivebiartane,Melipona subnitida, lokalt kjent som «jandaíra», produserer opptil 6 liter honning i året, noko som resulterer i økonomisk profitt for befolkninga.[15]
Vatning langsSão Francisco-elva lovar å gjere regionen om til ei brødkorg. Jorda er svært fruktbar, og eksisterande vatningsinfrastruktur stør allereie eksport av druer, papaya og melonar. Samtidig truar vatning med å salinisere jorda.[2]
Storfe og geitehald er populært og produktivt i regionen. Overbeiting og uttak av brenselved har desimert lokale vegetative populasjonar; utanfor irrigerte område har området byrja å tørke ut slik som iSahel.