Stilark [frå eng.Cascading Style Sheets (CSS), seriekopla stilark] er ein teknikk som vert brukt på internettsider for å definera utsjånaden på presentasjonen av informasjon lagra iHTML ellerXML. Medan HTML-dokument lagrar og strukturerer informasjonen, kan spesifiseringa av oppsett (plassering m.v.) av og utsjånad (skriftstorleik, osb.) på innhaldet flyttast til ei eller fleire eigne filer, sokalla stilark eller CSS-filer.
I CSS-fila definerer ein attributtar som tekstfarge, bakgrunnsfarge, skriftstorleik, skrifttype og plassering av tekst, bilete, animasjonar osb. Rett bruk av stilark gjer at websider vert langt enklare å skriva og, ikkje minst, å endra. Viss web-programmeraren har skild CSS og HTML i forskjellige filer, kan ein nemleg enkelt endra utsjånaden på alle dei tilhøyrande dokumenta seinare med ei einskild endring berre i CSS-fila.
Når innhald (HTML) og stil/formatering (CSS) er separerte, er det enkelt å endra på formgjevinga av ein stor nettstad med tusenvis av sider ved berre å redigera stilarka. Sjølve HTML-dokumentet vert dessutan mindre, meir oversiktleg, og lesbart m.a. formobiltelefonar. Skiljet mellom CSS og «rein» HTML har etter kvart fått eit godt fotfeste hjå profesjonelle formgjevarar. Bruk av stilark vert av dei aller fleste rekna for god skikk i programmering av websider.
- Jeffrey Zeldman:Designing With Web Standards, New Riders,ISBN 0-7357-1201-8 (paperback) (book's companion site)
- Eric A. Meyer:Cascading Style Sheets: The Definitive Guide, 2nd Edition, O'Reilly & Associates,ISBN 0-596-00525-3
- Eric A. Meyer:Cascading Style Sheets 2.0 Programmer's Reference, McGraw-Hill Osborne Media,ISBN 0-07-213178-0
- Keith Schengili-Roberts:Core CSS, 2nd Edition, Prentice Hall,ISBN 0-13-009278-9
- Cascading Style Sheets: Designing for the WebArkivert 2005-03-10 vedWayback Machine. by Håkon Wium Lie and Bert Bos
- The Zen of CSS Design (co-authored by CSS Zen Garden Owner, Dave Shea),ISBN 0-321-30347-4
- Cascading Style Sheets: The Definitive Guide
- Eric Meyer On CSS
- More Eric Meyer On CSS