Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

CITES

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Land som er med i konvensjonen. Grønland er dekka gjennom Danmark.

CITES (forkorting forConvention on International Trade of Endangered Species), òg kallaWashingtonkonvensjonen, er ein multilateral internasjonal avtale mellom land for å kontrollera handel med villedyr ogplantar. Føremålet med avtala er ein berekraftig handel – det vil seia at ein ikkje fjernar meir frå bestandane av dyr og plantar enn dei toler.

Konvensjonen tredde i kraft i1975. I februar 2014 hadde 180 land ratifisert konvensjonen,[1] medIrak som det siste.[2]INoreg har konvensjonen vore gjeldande sidan 25. oktober 1976.Miljødirektoratet er forvaltingsstyresmakt og vitskapleg styresmakt for CITES i Noreg.[3]

Artslister

[endre |endre wikiteksten]

Omkring 4 800 dyreartar og 25 000 planteartar er omfatta av konvensjonen. Rundt 600 av dei er så sterkt truga at all handel med dei i praksis er forbode (CITES Appendix I). For dei øvrige er internasjonal handel anten avgrensa (CITES Appendix II) eller det finst krav om spesielle løyve for inn- og utførsel (CITES Appendix III). Forbod og reguleringer gjeld både levande og daude eksemplar, såvel som delar avorganismar og produkt som skinn, fjør, tenner med meir.

CITES Appendix I

Appendix I omfattar dei mest truga artane, og handel med desse er i praksis stort sett forbode. Nesten 500 arter vert omfatta av denne lista.

CITES Appendix II

Appendix II omfattar truga arter der den internasjonale handelen må avgrensast for å sikre overlevinga deira. Over 2 500 dyrearter er omfatta av denne lista, dei fleste av deirovfuglar. Over 25 000 plantearter er omfatta av lista, blant anna alle orkidé-arter.

CITES Appendix III

Appendix III krev at det følgjer med eit opphavssertifikat eller eksportløyve ved innførsel. Ca 250 arter står på denne lista.

Reservasjonar

[endre |endre wikiteksten]

Land som har underskrive konvensjonen kan reservera seg mot vernet av ein viss art.[4]

Norske reservasjonar

[endre |endre wikiteksten]

Det er spesielt for marine artar av kommersiell interesse at Noreg har gjort reservasjonar mot oppføring på CITES-listene. Reservasjonane er vanlegvis eit uttrykk for at Noreg reknar artane som så talrike at dei ikkje oppfyller dei kriteria som er sett fast av CITES for listing.

CITES Appendix I

  • Spermkval (Physeter catodon)
  • Vågekval (Balaenoptera acutorostrata) Unntaket gjeld populasjonen vest for Grønland
  • Sørleg vågekval (Balaenoptera bonaerensis)
  • Seikval (Alaenoptera borealis) Reservasjonen gjeld ikkje for populasjonane i det nordlegeStillehavet og i område frå 0 til 70 grader austleglengdgrad, og fråekvator tilAntarktis.
  • Finnkval (Balaenoptera physalus) Reservasjonen gjeld for populasjonane i Nordatlanteren ved Island,Nordatlanteren vedNewfoundland og i område frå 40 grader sørleg breiddegrad til Antarktis og frå 120 til 60 grader vestleg lengdegrad.

CITES Appendix II

CITES Appendix III

Appendix III

  • Ingen norske reservasjonar eksisterer

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. « Member countries», cites.org
  2. «The 180th Party: Iraq», cites.org
  3. «Handel med trua arter (CITES)», miljødirektoratet.no
  4. «Reservations», cites.org

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=CITES&oldid=3452149»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp