Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

CFA-franc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
CFA-franc

Setel til 10 000 CFA-franc
Delt i100 centime
Innført1945
Land som nytter valutaen:
     Vestafrikansk CFA-franc (XOF)
     Sentralafrikansk CFA-franc (XAF)

CFA-franc er einvaluta som blir brukt i 12 tidlegarefranske koloniar iAfrika og dessutan iGuinea-Bissau ogEkvatorial-Guinea.[1] Han blir også kallafranc CFA (den vanlege franske ordstillinga), ellerCFAF.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Valutaen blei oppretta samtidig somCFP-franc (fransk stillehavsfranc) den 26. desember1945, som valuta for deifranske koloniane iAfrika.[1] Namnet stod opphavleg forfranc des Colonies Françaises d'Afrique (francen til dei franske koloniane i Afrika). I samband med den byrjande lausrivinga av kolonianer måtte ein endra dette, og ein valde å finna eit namn som gjorde det mogleg å halda på forkortinga CFA. Den fyrste endringa, i1958, var tilFranc des Communauté française d'Afrique (francen til det franske afrikanske samfunnet). Etter at brukarlanda hadde oppnådd sjølvstendige fekk valutaen igjen eit nytt namn, nemleg det noverande Franc des Communauté Financière Africaine (francen til det afrikanske økonomiske samfunnet).

Valutaen var tidlegare bunden tilfransk franc. Den opphavlege vekslingskursen, i 1945, var 1 CFA-franc = 1,7 franske franc. Ved innføringa aveuro i Frankrike blei bindinga overført til den nye valutaen. Den dåverande kursen på 100 CFA-franc = 1 fransk franc blei overført direkte, slik at bindinga sidan 1. januar 1999 har vore 655,957 CFA-franc = 1 €.[2]

Endringane som er blitt gjorde i verdi har stort sett vore knytt til endringar i fransk valuta. Dette har gjort han til ein av dei sterkaste valutaene iAfrika, men samtidig har han hatt ein kunstig høg verdi som har gjort det vanskeleg å følgja den økonomiske utviklinga i brukarlanda. Valutaen har berre blitt devaluert ein gong, i 1994, på anbefaling fråDet internasjonale pengefondet (IMF). CFA-franc blei devaluert med 50 prosent[3] slik at verdien blei endra frå 1 CFA-franc = 0,02 franske franc til 1 CFA-franc = 0,01 franske franc.[2]

Institusjonar

[endre |endre wikiteksten]

CFA-franc finst i to versjonar, med same verdi. Begge er garantert avFrankrike.

Vestafrikansk CFA-franc

[endre |endre wikiteksten]

Denne versjonen blei gjeven ut avSentralbanken for dei vestafrikanske statane (BCEAO), og blir brukt i dei 8 landa som er medlem avDen vestafrikanske økonomiske og monetære unionen (UEMOA):

ISO 4217-koden er XOF.

Sentralafrikansk CFA-franc

[endre |endre wikiteksten]

Denne versjonen blir utskriven avSentralbanken for dei sentralafrikanske statane (BEAC), og blir brukt i dei 6 landa som er medlem avDen sentralafrikanske økonomiske og monetære unionen (CEMAC):

ISO 4217-koden er XAF.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1African Business Magazine -A Brief History Of The CFA Franc, besøkt 28. februar 2017.
  2. 2,02,1Direction générale du Trésor -40 ans d'histoire de la Zone francArkivert 2. mars 2017 påWayback Machine., besøkt 1. mars 2017.
  3. Leraand, Dag; Hofstad, Knut (22. august 2023).«CFA-franc».Store norske leksikon (på norsk). 
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=CFA-franc&oldid=3526917»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp