Cadiz er ein typisk andalusisk by med mange historiske landemerke. Dei eldre delane av byen, med restane av dei gamle bymurane, vert ofte kalla Gamlebyen (spanskCasco Antiguo). Gamlebyen består av mange smale allear mellom store opne plassar.
Byen vart grunnlagd somGadir (fønikiskגדר) avfønikarane, som nytta han til å handle medTartessos, ein bystat som arkeologar meiner låg nær munningen av elva Guadalquivir, om lag 30 km nordvest for Cádiz.
Cádiz er den eldste byen som framleis står i Vest-Europa.[1] Tradisjonelt vert grunnlegginga datert til 1104 f.Kr.,[2] men det er ikkje funne arkeologiske spor som er datert til før 900 f.Kr. Dette kan kome av at Gadir kan ha vore ein liten handelsplass dei første åra.
Seinare kalla grekarane byen forGadira ellerGadeira. I følgje ei gresk segn vart Gadir grunnlagd avHerakles.[3]
I antikken stod eit tempel tileigna den fønikiske gudenMelqart i Gadir, og tempelet stod her visstnok framleis på 200-talet. Enkelte historikarar meiner at søylene i dette tempelet var opphavet til segna omHerkulessøylene.[4]
Rundt år 500 f.Kr. vart byen underlagtKartago og Cádiz vart ein base for operasjonane tilHannibal då han erobra Sør-Iberia.[5] I 206 f.Kr. fall byen forromerske styrkar underScipio Africanus. Under romarane vart namnet på byen endra tilGades og han blømde som ein romersk marinebase. UnderAugustus levde meir enn 500equites (medlemmer av ein av dei to øvre samfunnsklassane) i Cádiz, og berrePadova ogRoma sjølv hadde fleire. Han var den viktigaste byen i den romerske kolonienAugusta Urbs Julia Gaditana, men etter atRomarriket fall vart han mindre viktig.
På 400-talet overtokvestgotarane makta iHispania Baetica og øydela den opphavlege byen, som det finst få spor etter id ag. Undermaurarane mellom 711 og 1262 vart byen kallaQādis (arabisk قادس), som det moderne spanske namnetCádiz kjem frå. Maurarane vart omsider drive bort avAlfons X avCastilla i 1262.
Forsvaret av Cádiz mot engelskmennene, avFrancisco de Zurbarán, 1634 (Prado i Madrid)
På 1700-talet førtesandbankane i elvaGuadalquivir til at dei spanske styresmaktene flytta handelsmonopolet medSpansk Amerika fråSevilla, lenger oppe i elva, til Cádiz, som hadde fri veg til Atlanterhavet. På denne tida opplevde byen ein gullalder der tre fjerdedelar av den spanske handelen med Amerika gjekk gjennom byen. Han vart ein av dei rikaste byane i Spania og hadde handelssamfunn frå mange land. Mange av dei historiske bygningane i byen kjem frå denne perioden.
Mot slutten av hundreåret vart byen utsett for ei rekkje åtak. Den britiske blokaden og omleiringa av Cádiz mellom februar 1797 og april 1798 var som vanleg ein kostbar fiasko.Nelson returnerte frå nederlaget iSanta Cruz og bombarderte byen i 1800. UnderNapoleon si erobring av Europa var Cádiz ein av dei få byane i Spania som stod imot den franske invasjonen.
Cádiz var sete for det liberaleCortes (parlament) som kjempa motJoseph Bonaparte (som regjerte som Josef I) ihalvøykrigen og det var i Cadiz at den liberalespanske grunnlova av 1812 vart erklært. Innbyggjarane gjorde opprør i 1820 for å få ei omskriving av den nye grunnlova. Opprøret spreidde seg til resten av Spania og førte til atkong Ferdinand VII vart fengsla i Cádiz. Franske styrkar slepte Ferdinand fri islaget ved Trocadero (1823) og undertrykte liberalismen. I 1868 var Cádiz igjen åstad for ein ny revolusjon, som førte til atdronning Isabella II abdiserte og flykta i eksil. Det same Cádiz Cortes valde å gjeninnføre monarkiet under kongAmadeo I av Spania berre to år seinare.
I seinare år har byen gjennomgått mykje rekonstruksjon. Mange monument, kyrkjer og landemerke har vorte reinsa og restaurert.