Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

C

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om bokstaven. For programmeringsspråket C#, sjåC Sharp.
C

Bruk
SkriftsystemLatinsk skrift
TypeAlfabet
OpphavsspråkLatin
Fonetisk bruk
UnicodeU+0043, U+0063
Plass i alfabetet3
Talverdi:100
Historie
Utvikling
T14
Slektningar
Anna
Tilknytte tal100
Illuminert C i eit manuskript frå 800-talet.

C er den tredjebokstaven idet latinske alfabetet. Han kan representera fleirelydar, særleg/k/ og/s/.

På norsk blir han uttalt som s om han står framfor i, y, æ, ø og som regel framfor e, som k om han står framfor a, o, u og dei fleste konsonantar, og som[ʃ] (sj-lyden) eller[tʃ] om han står framfor h.[1]

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Fønikisk
gaml
Arabisk
ǧīm
Hebraisk
gimel
Greek
Gamma
Etruskisk 
C
Gammal-latin
C (G)
Fønikisk gimelArabisk gimHebraisk gimelGresk gammaEtruskisk CGammal latinsk C

C har same opphav som bokstavenG.Semittane kalla hangimel. Bokstavteiknet deira er kanskje ei tilpassing av einegyptisk hieroglyf for eistav-slynge, som også kan ha vore tydinga til «gimel».

Bokstaven blei gjort om tilgamma i det greske alfabetet. På fønikisk og gresk var lydverdien g.Etruskisk hadde ikkje denne lyden og brukte bokstaven for lyden/k/. Den etruskiske bokstaven likna opphavleg på den greske (Tidleg etruskisk C i tidleg etruskisk), men blei vend om til ein slags speglvend latinsk C i klassisk etrusksisk (Klassisk etruskisk C) Denlatinske formac tok form iklassisk latin. I tidlege latinske inskripsjonar brukte ein bokstavane C, K og Q til å stå for lydane/k/ og/ɡ/, som ein ikkje skilde mellom i skrift. Q blei brukt til lyden/k/ eller/ɡ/ før einrunda vokal, K framfor A, og elles brukte ein C.[2] Rester av denne bruken finst ilatin, når namnet Gaius vert forkorta til C. og Gnaeus Cn. i skrift.

På 200-talet f.Kr. blei det innført ein modifisert utgåve av C for lyden/ɡ/ (G), medan C blei brukt til lyden/k/. Frå og med den klassiske perioden blei G rekna som tilsvarande gresk gamma og C som tilsvarandekappa, noko ein kan sjå i romaniseringa av greske ord som «KAΔMOΣ» (cadmvs), «KYPOΣ» (cyrvs) og «ΦΩKIΣ» (phocis).

Gjennom heile oldtida uttalte romarane C som /k/ føre alle vokallyder. Det forklarer at «caesar» vart lånt inn i germanske språk med k-lyd: «Kaiser» eller «keisar», jamfør også latinskcellarium (kjellar),cista (kiste) og liknande. Namnet på bokstaven hos etruskarane og romarane var ce, uttalt ke. Først frå tidleg i mellomalderen, vart han uttalt se.

No vert c uttalt føre e og i som tʃ påitaliensk, som ustemt s påfransk, som ein lespande s-lyd påspansk omtrent tilsvarandeengelsk th, men som s påspansk-amerikansk og påportugisisk og som tʃ pårumensk. Skal ein uttale c som s på fransk og portugisisk føre andre vokalar, skriv ein ç. Uttalen som k føre e og i vert på italiensk uttrykt ved ch, på spansk og portugisisk ved qu. I dei nordiske språka finst c berre i framandord og vert uttalt føre e, i, y, æ og ø som s, elles som k. Dei same reglane gjeld i engelsk, medan c føre e, i, y påtysk vert uttalt ts. Itsjekkisk,polsk,ungarsk,slovensk ogkroatisk rettskriving har c lydverdien ts, i tyrkisk dʒ. C med hake,č, vert nytta i slaviske og baltiske språk og i samisk med lydverdien tʃ. Ord som ikkje finst under č, kan søkast under cz, tsch og tsj.

C har tydinga

[endre |endre wikiteksten]

c har tydinga

[endre |endre wikiteksten]

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «c» iNynorskordboka.,«chablis» og«cha-cha-cha» som uttaledøme.
  2. Sihler, Andrew L. (1995).New Comparative Grammar of Greek and Latin (illustrated utg.). New York: Oxford University Press. s. 21.ISBN 0-19-508345-8. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:C
Grunnbokstavar
Aa ·Bb ·Cc ·Dd ·Ee ·Ff ·Gg ·Hh ·Ii ·Jj ·Kk ·Ll ·Mm ·Nn ·Oo ·Pp ·Qq ·Rr ·Ss ·Tt ·Uu ·Vv ·Ww ·Xx ·Yy ·Zz
Brigda bokstavar
Áá ·Ââ ·Àà ·Ăă ·Ää ·Ǟǟ ·Ãã ·Ąą ·Ą̊ą̊ ·Ⱥⱥ ·Ɓɓ ·Ḇḇ ·Ƀƀ ·Ƈƈ ·Ćć ·Ĉĉ ·Čč ·Çç ·Ċċ ·Ȼȼ ·Ɗɗ ·Ḓḓ ·Ďď ·Ḑḑ ·Đđ ·Ðð ·Ɖɖ ·Ḏḏ ·Éé ·Èè ·Êê ·Ěě ·Ëë ·‌Ẽẽ ·Ęę ·Ėė ·Ẹẹ ·Ɇɇ ·Ƒƒ ·Ɠɠ ·Ḡḡ ·Ǵǵ ·Ĝĝ ·Ǧǧ ·Ğğ ·Ģģ ·Ǥǥ ·Ġġ ·Ĥĥ ·Ȟȟ ·Ḧḧ ·Ħħ ·‌Ḥḥ ·İi/Iı ·Íí ·Ìì ·Îî ·Ïï ·Ĩĩ ·Įį ·Ịị ·Ĵĵ ·J̌ǰ ·Ɉɉ ·Ƙƙ ·Ḱḱ ·Ǩǩ ·Ķķ ·Ĺĺ ·Ḽḽ ·Ľľ ·Ļļ ·Ḷḷ ·Łł ·Ƚƚ ·Ɫɫ ·Ⱡⱡ ·Ṃṃ ·Ŋŋ ·Ńń ·Ṋṋ ·Ňň ·Ṅṅ ·N̈n̈ ·Ññ ·Ņņ ·Ōō ·Ơơ ·Őő ·Óó ·Òò ·Ôô ·Ŏŏ ·Ȯȯ ·Ȱȱ ·Öö ·Õõ ·Ȭȭ ·Øø ·Ǫǫ ·Ọọ ·Ƥƥ ·Ᵽᵽ ·Ɽɽ ·Ŕŕ ·Řř ·Ŗŗ ·Ɍɍ ·Śś ·Ŝŝ ·Šš ·Şş ·Șș ·Ṣṣ ·Ťť ·Ṱṱ ·T̈ẗ ·Ţţ ·Țț ·Ŧŧ ·Ⱦⱦ ·Ūū ·Úú ·Ùù ·Ûû ·Ŭŭ ·Ưư ·Űű ·Üü ·Ųų ·Ůů ·Ũũ ·Ụụ ·Ʉʉ ·Ʋʋ ·Ṽṽ ·Ŵŵ ·Ƴƴ ·Ýý ·Ŷŷ ·Ÿÿ ·Ỹỹ ·Y̨y̨ ·Ɏɏ ·Źź ·Ẑẑ ·Žž ·Żż ·Ƶƶ
Ligaturar
Åå ·Ææ ·@ ·ȸ ·& ·Ƕƕ ·Œœ ·Ȣȣ ·ȹ ·ß
Uvanlege bokstavar
Ɐɐ ·Ƃƃ ·Ƅƅ ·Ↄↄ ·Ƌƌ ·Ǝǝ ·Əə ·Ⅎⅎ ·Ƣƣ ·Ɣɣ ·Ⱶⱶ ·Ɩɩ ·ĸ ·Ɯɯ ·Ƞƞ ·ʼn ·Ɔɔ ·Ɵɵ ·Ƿƿ ·Ɋɋ ·ſ ·Ʃʃ ·Ʊʊ ·Ƨƨ ·Ƽƽ ·Ʌʌ ·Ȝȝ ·Ʒʒ ·Ǯǯ ·Þþ ·ʘ ·ǀ ·ǁ ·ǂ ·ǃ
Digrafar rekna som
eigne bokstavar
CHch ·C'Hc'h ·DZdz ·DŽdž ·GBgb ·GĦgħ ·IJij ·LJlj ·LLll ·ḶḶḷḷ ·L·ll·l ·LYly ·NJnj
Sere teikn
 ·° ·! ·? ·; ·% ·* ·" ·' ·© ·® ·ɔ: ·฿ ·¢ · · ·£ · ·$ · ·¥
Aksentteikn
´ ·˝ ·` ·^ ·ˇ ·˘ ·¨ ·¨ ·¸ ·~ ·˛
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=C&oldid=3626865»
Kategori:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp