Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Bysantinsk kunst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den mest berømte av dei gjenverandemosaikkane iHagia Sofia iIstanbul (tidlegareKonstantinopel) er av Kristus. I det sørlege galleriet tronar Kristus inntil jomfru Maria og Johannes Døperen. Mosaikken er frå 1100-talet.

Bysantinsk kunst viser vanlegvis til denkunsten som blei laga iDet bysantiske riket ellerAustromerriket,[1] frå keisarJustinianus si tid på midten av500-talet tilKonstantinopel fall i1453.

Bysantinsk kunst blir òg brukt for samtidig kunst frå statar som var del av same kulturelle sfære, utan å utgjera ein del av riket – somBulgaria,Serbia ogRussland – eller statar som utgjorde ein del av den vesteuropeiske kultursfæren, men var sterkt påverka av Det bysantinske riket – somkongeriket Sicilia ogVenezia.

Nemninga blir òg noko nytta om den kristne kunsten som blei produsert iDet osmanske riket etter 1453 og den ubrotne kunstneriske tradisjonen som heldt fram iHellas, påBalkan og i Russland og andre austlege ortodokse land inn i våre dagar.

Mosaikkane i Basilica di Sant'Apollinare in Classe iRavenna iItalia er rekna som nokre av dei fremste gjenverande verka frå tidleg bysantinsk kunst. Mosaikkane som er att iHagia Sofia blir ofte nemnnde som eit av dei fornemste verka frå den seine, fullt utvikla bysantinske kunsten.

Bakgrunn

[endre |endre wikiteksten]
Ikon av jomfrua med barn på trone med englar frå 500-talet, i Katarinaklosteret i Sinai

Nett somDet bysantinske riket representerte den politiske fortsetjinga av Romarriket, utvikla bysantinsk kunst seg frå tidlegare romersk kunst, som i sin tur var grunnleggjande påverka avgresk kunst frå antikken. Bysantinsk kunst utvikla seg vidare frå kristna gresk kultur i Austromarriket, der både kristen og klassiskgresk mytologi blei uttrykte gjennom hellenistiske stilar og ikonografi.[2]Den bysantinske kunsten mista aldri synet av arva si fråantikken. Hovudstaden i Austromarriket,Konstantinopel, var smykka med ei rekkje antikke skulpturar.[3] Kunsten som blei laga i Det bysantinske riket var likevel markert av utviklinga av ein ny estetikk, trass i ei stadig tilbakevending til den antikkeestetikken.

Det mest framtredande trekket ved denne nye estetikken var det abstrakte eller antinaturalistiske vesenet hans. Om antikk kunst var markert av forsøket på å skapa representasjonar som etterlikna røyndomen så tett som mogleg, synest det som om bysantinsk kunst heilt gav opp denne tilnærminga til fordel for ei meir symbolsk tilnærming til røyndomen.

Grunnane og karakteren i denne forvandlinga, som hovudsakleg skjedde i løpet av seinantikken, har vore eit akademisk emne i fleire hundreår.[4]Giorgio Vasari tilskreiv forvandlinga til ein nedgang i kunstnarisk dugleik og standardar, som i hans tid var blitt gjenoppvekka og fornya iden italienske renessansen. Sjølv om dette standpunktet med jamne mellomrom er blitt fremja på nytt, mest merkbart avBernard Berenson, har moderne forskarar tendert til å ha eit meir positivt syn på den bysantinske estetikken.[5] Alois Riegl og Josef Strzygowski, som publiserte tidleg på 1900-talet, var meir enn mange andre ansvarlege for ei revurdering av synet på kunsten i seinantikken.[6] Riegl såg han som ei naturleg utvikling av eksisterande tendensar i romersk kunst, medan Strzygowski såg han som eit produkt av austleg, «orientalsk» innverknad. Kjende bidrag til debatten er blant anna Ernst Kitzinger,[7] som spora ein «dialektikk» mellom «abstrakte» og «hellenistiske» tendensar i seinantikken, og John Onians,[8] som såg ein «auke i visuell reaksjon» i seinantikken, der ein tilskodar «kunne sjå på noko som i 1900-talet sine omgrep var reint abstrakt og finna det figurativt».

Uansett er denne debatten berre moderne: det er openbart at dei fleste bysantinske tilskodarane ikkje rekna kunsten sin som abstrakt eller ikkje-naturalistisk. Som Cyril Mango har observert, «vår eiga forståing av bysantinsk kunst stammar hovudsakleg frå det faktumet at denne kunsten ikkje er naturalistisk; endå bysantinarane sjølv, i høve av utsegnene deira som er att, rekna han som særs naturalistisk og ein direkte del av tradisjonen tilFeidias,Apelles ogZeuxis[9]

Motiva i storslått bysantinsk kunst var hovudsakleg religiøs og keisarleg; desse to emna blei ofte slått saman, som i portrett av seinare austromerske keisarar som pynta innsida av kyrkjaHagia Sophia i Konstantinopel frå 500-talet. Desse motivvala er dels eit resultat av den fromme og autokratiske naturen til det austromerske samfunnet, og dels av den økonomiske strukturen det hadde: rikdommen i riket var konsentrert i eiget til kyrkja og keisarstyret, som hadde størst moglegheit til å bestilla større kunstverk.

Den religiøse kunsten var likevel ikkje berre monumental dekorasjon av kyrkjebygningar. Ein av dei viktigaste sjangrane innan bysantinsk kunst varikonet, eit bilde av Kristus, Jomfrua eller ein helgen, som blei brukt til tilbeding både i kyrkjer og privathus. Ikon hadde større religiøs enn estetisk tyding, særleg etterikonoclasmen blei dei oppfatta som å manifestera det unike «tilstadevera» til figuren som var framstilt gjennom klart fastsette reglar for representasjonen av han.[10]

Illuminerte manuskript var ein annan viktig sjanger innan bysantinsk kunst. Dei vanlegaste tekstane ein illustrerte var religiøse, ein brukte både tekstar frå Bibelen (særlegSalmane) og andre religiøse tekstar, som 'Himmelstigen' avJohannes Klimakos ellerhomiliane tilGregor av Nazianz). Ein illuminierte også sekulære tekstar, somAleksanderromanen og soga omJohannes Skylitzes.

Som andretidlege kristne mistrudde bystantinarane monumental skulptur, og laga i stadenrelieff, både i større kunstverk og i mindre verk avelfenbein. Kunsthandverk var også svært viktige i bysantinsk kunst og luksusvarer, som utskornekonsulardiptykon eller skrin somVeroliskrinet, steinskjering, emalje, glas, smykke, metallarbeid og kunstferdig utformasilketøy. Keramikk var relativt enkel i denne perioden, ettersom dei rike ikkje brukte det til å eta av, men i staden nyttabysantinsk sølvarbeid.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Galleri

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Michelis 1946;Weitzmann 1981.
  2. Michelis 1946;Ainalov 1961, "Introduction", pp. 3‒8;Stylianou & Stylianou 1985, p. 19;Hanfmann 1962, "Early Christian Sculpture", p. 42 harvnb error: no target: CITEREFHanfmann1962 (help);Weitzmann 1984 harvnb error: no target: CITEREFWeitzmann1984 (help).
  3. Bassett, S (2004):The urban image of late antique Constantinople, Cambridge.
  4. Brendel, O. (1979):Prolegomena to the study of Roman art, New Haven
  5. Berenson, Bernard (1954):The Arch of Constantine; or, the decline of form, London
  6. Elsner, J. (2002): «The birth of late antiquity: Riegl and Strzygowski in 1901» i:Art History 25, ss. 358-279
  7. Kitzinger, Ernst (1977):Byzantine art in the making, Cambridge
  8. Onians, John (1980): «Abstraction and imagination in late antiquity» i:Art History 3, ss. 1-23.
  9. Mango, Cyril (1963): «Antique statuary», ss. 65.
  10. Belting & Jephcott 1994 harvnb error: no target: CITEREFBeltingJephcott1994 (help).

Litteratur

[endre |endre wikiteksten]
  • Beckwith, J. (1993):Early Christian and Byzantine art, New Haven
  • Cormack, R. (2000):Byzantine art, Oxford.
  • Evans, H. C. red. (2004):Byzantium: faith and power (1261–1557), New York
  • Evans, H. C. red. (1997):The glory of Byzantium, New York
  • Gerstel, Sharon E. J. & Lauffenburger, Julie A. red. (2001):A Lost Art Rediscovered, Penn State.ISBN 0-271-02139-X
  • Grabar, André (1979):Byzantine Painting
  • Hanfmann, George Maxim Anossov (1967).Classical Sculpture. Greenwich, CT: New York Graphic Society. 
  • Kiilerich, Bente & Torp, Hjalmar (1998):Bilder og billedbruk i Bysants, Oslo,ISBN 82-02-16406-0
  • Mango, Cyril red. (1972):The art of the Byzantine Empire, 312-1453: sources and documents, Englewood Cliffs.
  • Michelis, Panayotis A. (1946).An Aesthetic Approach to Byzantine Art. Athens. 
  • Stylianou, Andreas; Stylianou, Judith A. (1985).The Painted Churches of Cyprus: Treasures of Byzantine Art. London: Trigraph for the A.G. Leventis Foundation. 
  • Weitzmann, Kurt (1981).Classical Heritage in Byzantine and Near Eastern Art. London: Variorum Reprints. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Bysantinsk kunst
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Bysantinsk_kunst&oldid=3339188»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp