Bygning ellerbygnad er eitbyggverk som etter nokre definisjonar har som hovudfunksjon å gje vern til det eller dei som er inni.[1] Det er vanlegvis ein frittståande, permanent konstruksjon som er heilt eller delvis innelukka rundt eit eller fleirerom. Døme på bygningar erhus,hytte,hall,hangar,blokk ogdriftsbygning.[2]
Bygningar blir ofte laga itreverk,murstein ellerbetong, men det finst også ei rekkje andre moglege byggjemateriale, som bambus, greiner, leire,lettklinke,blekkplater og anna.
Det ein reknar som framsida av ein bygning blir kalla einfasade. Delar av bygningen kan vera ein bakbygning, som ligg bak hovuddelen av bygningen, eifløy eller sidebygning som ligg på sida, eit tilbygg som er bygt til seinare, eller eit utbygg, som er ein utstikkande del av hovudbygningen.