Buyei ellerbouyei (eigennemningbuxqyaix; 達斡爾族,pinyinbùyīzú) er eit av de 55 offentleg erkjendeminoritetsfolka iFolkerepublikken Kina. Ifølgje folketeljinga i2000 var det 2 971 460 buyei i Kina. 94 % av buyeifolk bydde då i provinsenGuizhou, og elles iYunnan,Guangdong,Zhejiang ogGuangxi.
Buyeifolk er kjend for sine hus. Heile huset, også taket, er bygt av stein. Dei andre stammefolka som lever i og nær deira område, nyttar vanlegvis tre i husbygginga.
Einast dialektskilnader skil buyeifolk frå minoritetsfolketzhuang. Den offisielle grensa mellom dei to folka følgjer knivskarpt dei politiske grensene. Dette gjer at vitskapsfolk utanfor Kina stiller spørsmål ved om det er rett å rekne buyei som eit eige minoritetsfolk.