| Burnside | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Canterbury | ||
| Areal | 11 290 km² | ||
| Folketal | 2 370 (2006[1]) | ||
![]() Burnside på New Zealand 43°29′59″S172°34′07″E /43.499855555556°S 172.56865833333°E /-43.499855555556; 172.56865833333 | |||
| Wikimedia Commons:Burnside, Christchurch | |||
Burnside er einforstad iChristchurch påNew Zealand. Han ligg søraust forChristchurch International Airport. Som dei fleste andre forstadar i Christchurch, har han ingen klårt definerte grenser.
Burnside var opphavleg ein del av ein farm, tilnærma 6,9 km² i areal, som var eigedommen til den tidlege nybyggjaren William Boag, som kom til staden i1851 fråPerthshire. Han vart oppkalla etter dei små bekkene som danna kjelda til Waimairi Stream.[2][3] Namnet «Burnside» vart offisielt gjeve til staden av Waimairi County Council i 1959.[4]
Gjennom dei første eit hundre åra med europeisk busetjing var området kring Burnside jordbruksland medsauer,kveg oghagebruk som dominerande næringar.
I Burnside ligg ein sentral park (Burnside Park), og dei to sentrale gatene er Memorial Avenue og Greers Road. Her ligg også ein mindre park (Jellie Park) overforBurnside High School ved Greers Road.