Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Burgas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Burgas
Бургас
Kommune
Frå sentrum av Burgas
Våpenskjold
Land Bulgaria
ProvinsBurgas
Koordinatar42°29′36″N27°28′21″E / 42.49333°N 27.47250°E /42.49333; 27.47250
Høgd30 m
Areal531,786 km² [1]
Folketal 196 582  (2021)[2]
Folketettleik369,66 / km²
TidssoneEET (UTC+2)
Postnummer8000
Retningsnummer056
Kart
Burgas
42°29′36″N27°28′21″E / 42.493428°N 27.472515°E /42.493428; 27.472515
Ajtos kommune i provinsen Burgas
Ajtos kommune iprovinsen Burgas
Ajtos kommune iprovinsen Burgas
Wikimedia Commons: Burgas Municipality

Burgas (bulgarsk Бургас), stundom skriveBourgas, er ein by og einkommune iprovinsenBurgas iBulgaria og hovudstad i provinsen. Kommunen omfattar byane Burgas ogBălgarovo og ti andre busetnader.

Burgas er den fjerde største byen i landet, og den nest største byen på kysten avSvartehavet etterVarna. Kommunen har eit areal på 532 km2.[1] Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 196 582 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 189 741 innbyggjarar.[2]

Til storbyområdet for Burgas høyrer heile kommunen Burgas i tillegg til kommunaneSozopol ogKameno.[3] Heile storbyområdet har eit samla innbyggjartal på 218 111.[2]

Byen er omringa avBurgassjøane, og er det vestlegaste punktet iSvartehavet i den storeBurgasbukta. Burgas har den største og viktigaste hamna i Bulgaria, og byen er eit senter for industri og turisme. I dag er byen eit viktig økonomisk og kulturelt senter i søraustlege delar av Bulgaria, derBurgas flyplass tener feriestadane langs den sørlege bulgarske kysten.

Busetnader i kommunen

[endre |endre wikiteksten]

Dei største busetnadene i kommunen er:

BusetnadBulgarsk namnFolketal (2011)[4]Folketal (2021)[2]
Burgas[a]Бургас 200 271 189 741
Rudnik[a]Рудник 3 507 –
Tsjerno More[a]Черно море 2 361 –
BălgarovoБългарово 1 695 1 582
RavnetsРавнец 1 323 1 298
MarinkaМаринка 1 177 1 285
TvărditsaТвърдица 488 541

Merknadar

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,11,2I 2015 vart landsbyaneRudnik ogTsjerno More innlemma som bydelar i Burgas,[5] slik at byen med grenser slik dei no er, hadde 206 139 innbyggjarar i 2011.

Referansar

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018Arkivert 2021-08-01 vedWayback Machine. («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1:Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  2. 2,02,12,22,3Население по статистически райони, области, общини, населени места, пол и възраст («Befolkning i statistiske regionar, regionar, kommunar og busetnader etter kjønn og alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  3. Urban Audit – Settlements and Municipalities («Storbyområde – Busetnader og kommunar), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»
  4. Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  5. Vedtak 452 av 19. juni 2015
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Burgas&oldid=3553324»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp