Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Bureau of Meteorology

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berrimah radar

Bureau of Meteorology er eit statleg selskap iAustralia som har ansvar for vêrtenester i og rundt Australia. Det vart skipa i 1906 då fleire statlege meteorologiske tenester, som hadde eksistert tidlegare.[1][2]

Bureau of Meteorology lagarvêrvarsel, åtvaringar og observasjonar til australiarane. Byrået sender ut vêrbilete viaradiofax og er ansvarleg for å sende utflaumvarsel i Australia. Byrået har hovudkontor iMelbourne Docklands, som omfattar forskingssenteret deira, det nasjonale meteorologiske og oseanografiske senteret, det nasjonale klimasenteret, samt ei hydrologisk og ei satellittavdeling.[3]

Byrået har regionskontor i kvar stat og territorium i landet, som kvar har sitt eige regionale varslingssenter og eit flaumvarselsenter, ogPerth,Darwin ogBrisbane har ògVarlingssenter for tropiske syklonar. Kontoret iAdelaide omfattarNasjonalt tidvassenter, medan Darwin-kontoret harVolcanic Ash Advisory Centre ogRegional Specialised Meteorological Centre (analysar).

Bureau of Meteorology sender ut anbefalingar kringtropiske syklonar[4] og utviklaStandard Emergency Warning Signal (Standard naudvarslingssystem) for åtvaringar. Byrået er ansvarleg for å namngje tropiske syklonar i farvatna rundt Australia.

Byrået vedlikeheld observasjonsnettverket i Australia, naboøyane og påAntarktis.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «BOM celebrates 100 years».Australian Broadcasting Corporation. Henta 7. august 2010. 
  2. «Collections in Perth: 20. Meteorology». National Archives of Australia. Arkivert fråoriginalen 12. februar 2012. Henta 7. august 2010. 
  3. «Bureau of Meteorology Head Office 700 Collins Street». Bureau of Meteorology. Arkivert fråoriginalen 11. april 2020. Henta 7. august 2010. 
  4. Tropical Cyclone AdvicesArkivert 2009-03-11 vedWayback Machine., Bureau of Meteorology, 2009

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Bureau_of_Meteorology&oldid=3431152»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp