Buraydah (arabisk بريدة,Burayda) er hovudstaden iAl-Qassim-regionen nord i det sentraleSaudi-Arabia i hjartet avDen arabiske halvøya. Buraydah ligg like langt fråRaudehavet i vest ogPersiabukta i aust. Han har eit folketal på 614 093 (2010).
Buraydah er regionshovudstaden iAl-Qassim-regionen og ligg i utkanten avWadi Al-Rummah. Buraydah har eit typiskørkenklima, med varma somrar, kalde vintrar og låg fukt.
I Buraydah er jordbruk framleis ei viktig næring. Tradisjonelle varer fråoasen er dadlar, sitronar, appelsinar og anna frukt. I moderne tid byrja ein med dyrking av kveite, og dette vart ein så stor suksess at Buraydah er ein av dei største kornprodusentane i landet.
Vêrdata for Buraidah |
---|
| Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
---|
Gjennomsnittleg maks °C | 19,2 | 22,3 | 26,5 | 32,4 | 38,5 | 42,1 | 43,2 | 43,4 | 40,9 | 35,3 | 26,7 | 21,3 | 32,7 |
---|
Døgnmiddeltemperatur °C | 12,8 | 15,2 | 19,2 | 24,9 | 30,6 | 33,5 | 34,5 | 34,8 | 32,1 | 26,9 | 19,8 | 14,7 | 24,9 |
---|
Gjennomsnittleg min °C | 6,3 | 8,1 | 11,9 | 17,4 | 22,7 | 24,9 | 25,7 | 26,1 | 23,3 | 18,5 | 12,8 | 8 | 17,1 |
---|
Gjennomsnittlegnedbør mm | 21,2 | 10,8 | 26,7 | 28,8 | 13,9 | 0 | 0 | 0,1 | 0,1 | 4,3 | 24,2 | 15,6 | 145,7 |
---|
Kjelde:[1] |
Byen har hatt særs stor folkevekst. Innafor bygrensene budde det i 2010 614 093 innbyggjarar.[2]
År | Folketal |
---|
1888 | 10 000 |
1935 | 35 000 |
1960 | 45 000 |
1970 | 56 000 |
1972 | 60 000 |
1974 | 69 000 |
1992 | 248 000 |
2004 | 505 000 |
2010 | 614 093 |
[treng kjelde]