Eibrystkasse (pågreskthorax), på norsk òg kallatoraks er innanformenneskeanatomi den delen av kroppen som ligg mellomnakken ogabdomen.Ribbeina,brystbeinet ogryggsøyla dekkjer dei indreorgana i brysthòla,cavum thoracis, og fordimellomgolvet er kuppelforma vil og øvste del av buken vere ein del av brystkassa. Mellomgolvet skil brysthòla fråbukhòla.
Brystkassa har to opningar. Den øvste som er avgrensa av dei første ribbeina,manubrium sterni og ryggsøyla, og er kalla den vesle brystopninga,apertura thoracis superior. Den nedste opninga er avgrensa avkostalbogen,brystbeinspissen,processus xiphoideus, og ryggsøyla og er kalla den store brystopninga,apertura thoracis inferior.