Bryllaupet i Kana ellervinunderet i Kana er ei bibelsk forteljing om dåJesus gjordevatn om tilvin iKana i Galilea. Ho blir fortald i andre kapittelavJohannesevangeliet, som også fortel at dette var det første underet eller teiknet Jesus gjorde (Joh 2,1-12.[1][2]
I evangelieforteljinga erJesus,mor hans ogdisiplane inviterte til eit bryllaup. Då det blir slutt på vinen, nemner Maria det for sonen. Jesus seier først at tida hans endå ikkje er komen, men ber så tenarane fylla vatn i kara nytta til reinsingsrituala. Så ba han dei servera litt av dette tilkjøkemeisteren, og då var det blitt til god vin.
Underet blir rekna som del av Jesus si openberring som Messias. Evangeliet fortel av «læresveinane hans trudde på han.» Markeringa av hendinga i kyrkjeåret er blitt lagt til 3. sundag i openberringstida.[3]
I kristen tradisjon er fleire stader blitt identifiserte som Kana. ByenKafr Kanna i noverandeIsrael er blitt rekna som staden underet fann stad sidan minst på 800-talet. Her er det bygd ei kyrkje, Bryllaupskyrkja, som skal vera staden der underet hende.
I byrjinga av 1990-talet hevda den libanesiske historie- og filosofiprofessoren Youssef Hourani atQana i Sør-Libanon var identisk med Kana i Bibelen. Påstanden fekk meir merksemd dåpave Johannes Paul II blei beden til staden og vitja han i mai 1997.[4][5]