Bryan Ferry (fødd 26. september1945) er ein engelsk songar, musikar og låtskrivar. Ferry vart kjend tidleg i 1970-åra som frontmann, vokalist og låtskrivar i bandetRoxy Music, og har hatt ein særs suksessrik solokarriere med tre album på toppen av albumlista i Storbritannia og ti singlar på Topp 40. Ferry byrja solokarrieren sin alt i 1973, medan han framleis var medlem i Roxy Music.
Ferry vart fødd i ein arbeidarklassefamilien[1] Ferry gjekk på Washington Grammar-Technical School (i dag Washington School) på Spout Lane frå 1957 og fekk niO level, før han studertekunst vedUniversity of Newcastle upon Tyne underRichard Hamilton.[2]Av medstudentane hans finn einTim Head[3] og Nick de Ville.[4] Han vart keramikklærar ved Holland Park school i London.[5] Ferry danna bandet The Banshees og seinare, i lag medGraham Simpson, bandet The Gas Board.[6]
Ferry danna Roxy Music med nokre vener og kjende, først med Graham Simpson, i november 1970. Besetninga vart utvida med saksofonisten/oboistenAndy Mackay og venen hansBrian Eno, som eigde ein lydbandopptakar og spelte på Mackay sin synthesiser. Andre tidlege medlemmar var trommeslagaren Dexter Lloyd og tidlegareNice-gitaristDavid O'List, som vart erstatta avPaul Thompson ogPhil Manzanera før bandet vart spelte inn det første albumet sitt.[7]
Den første hitten til Roxy Music, «Virginia Plain», nådde akkurat ikkje toppen av lista og vart etterfølgd av fleire hitsinglar og album, med Ferry som vokalist. Han spelte òg stundom piano og synthesiser.
I mange år samarbeidde Ferry med motedesignarenAntony Price for klede og image. Price er kjend for butikken sin iKings Road i London. Han lagde dressar, som vart respekterte verda over for elegansen sin og vart kjend då kjendisar og rockestjerner byrja å gå i kleda hans.[8]Nicky Haslam sa om Ferry at det var meir truleg at han pussa opp eit hotellrom enn å øydeleggje det.[9]
Roxy Music vart starta opp att i 1979, med Ferry, Manzanera, Thompson og Mackay (Jobson var ikkje lenger medlem). Bandet spelte inn albumaManifesto (1979),Flesh + Blood (1980) ogAvalon (1982), dei to sistnemnde nådde begge toppen av den britiske albumlista.[10] Bandet fekk òg den einaste singelen sin på toppen av lista med «Jealous Guy» 1981, ei hyllest tilJohn Lennon, som vart myrda nokre månader tidlegare. Det var den einaste av singlane til bandet som ikkje var skriven av Ferry.
Etter ein lengre turne etterAvalon i 1982, valde Ferry å legge ned Roxy Music og fortsetje som soloartist.
Ferry heldt fram å spele inn musikk og gav ut det sjette soloalbumet sitt,Boys and Girls, i 1985. Albumet nådde toppen i Storbritannia, det første og einaste soloalbumet hans som klarte dette, og det vart òg det bestseljande albumet hans i USA.
I juli 1985 spelte Ferry påLive Aid i London, medDavid Gilmour på gitar.[11] Han fekk ein del tekniske problem undervegs, trommeslagaren brekte trommestikka og gitaren til Gilmour virka ikkje, så han måtte byte.[12]
EtterAvalon-turneen, var Ferry heller motvillig til å turnere. Managementet hans klarte derimot å overtale han til å turnere i 1988 etter albumetBête Noire kom ut året før. Etter denne turneen slo Ferry seg saman med Brian Eno igjen forMamouna (eit samarbeid medRobin Trower på gitar og som produsent). Album tok meir enn fem år å få ferdig og hadde arbeidstittelenHoroscope. Under produksjonen spelte Ferry samstundes inn og gav ut eit coveralbum,Taxi i 1993, som både selde betre og fekk betre kritikk ennMamouna då det endeleg kom ut i 1994. I 1996 spelte Ferry songen «Dance With Life» for filmenPhenomenon, som vart skriven avBernie Taupin og Martin Page. I 1999 spelte Ferry i lag medAlan Partridge (spelt avSteve Coogan) på BBC sittComic Relief.
Etter ein pause frå musikken, kom Ferry attende i 1999. Han byrja å blande songar frå 1930-åra med sine eigne, og fleire songar frå Roxy Music-tida. Desse samla han på albumetAs Time Goes By, som vart nominert tilGrammyprisen.[13]
Ferry, Manzanera, Mackay og Thompson tok opp att Roxy Music i 2001 og turnerte mykje dei neste åra, sjølv om bandet ikkje gav ut nytt materiale. I 2002 gav Ferry ut det neste studioalbumet sitt,Frantic, med hjelp av Manzanera og Thompson, samt Brian Eno. Albumet vart ei blanding av nye songar og coverversjonar, noko Ferry ikkje hadde gjort sidanThe Bride Stripped Bare i 1978.
I 2003 underheldt Ferry forMiss World-konkurransen, eit show sendt til 2 milliardar potensielle sjåarar over heile verda.[14]I 2004 spelte Ferry i kortfilmenThe Porter. I 2005 vart det stadfesta[15] at Roxy Music (Ferry, Eno, Mackay, Manzanera og Thompson) igjen skulle spele på Isle Of Wight-festilvane dette året, samt spele inn eit nytt album med ein ny turne.[16] Brian Eno stadfesta[17] at han arbeidde i studio med Roxy Music igjen og hadde skrive songar for det nye albumet. Ferry nekta seinare for at det var eit nytt Roxy Music-album på gang og at songane mest truleg ville bli ein del av det neste soloalbumet hans,[18] og at han ikkje trudde det ville kome noko nytt Roxy Music-album.[19]
I oktober 2006 var Bryan Ferry modell for kleskjedaAutograph forMarks and Spencer. I 2007 gav Ferry ut albumetDylanesque, eit hyllestalbum tilBob Dylan. Albumet nådde Topp 10 i Storbritannia og Ferry la ut på turne.
I 2009 song Ferry påDJ Hell-plataU Can Dance. Ein ny versjon av songen vart spelt inn for studioalbumet til Ferry,Olympia, som kom ut i oktober 2010. Albumet bestod av songar spelt inn med dei tidlegare Roxy Music-medlemmane, samt eit imponerande knippe musikarar somNile Rodgers,David A. Stewart,Scissor Sisters,Groove Armada,Michael «Flea» Balzary,Johnny Greenwood ogDavid Gilmour og og med modellenKate Moss på plateomslaget. Albumet fekk glimrande kritikk og nådde Topp 20 i Storbritannia og gjekk inn på lista i USA:
Fleire av kjærastane til Ferry har vorte avbileta på omslaga til Roxy Music-albuma. Songaren og modellenAmanda Lear var på framsida avFor Your Pleasure album. She later went on to dateDavid Bowie.[21]
Ferry var så i eit forhold med modellenJerry Hall. Hall var med i fleire av musikkvideoane til Ferry, som «Let's Stick Together» og «The Price of Love». Ferry møtte først Hall under fotograferinga av omslaget for Roxy Music-albumetSiren i Wales sommaren 1975. Dei budde ein periode i lag i London, fram til ho forlet han forMick Jagger seint i 1977.
Ferry slo seg etter kvart til ro og gifta seg med Lucy Helmore, som han har fire søner med.