Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Brunjernstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brunjernstein

Generelt
KategoriAmorf, mineraloid
Kjemisk formelFeO(OH)·nH2O
Strunz-klassifiseringUklassifisert
Identifikasjon
FargeForskjellige variantar av brun og gul
KrystallformFinkorna samlingar, pulveraktig belegg
KløyvFinst ikkje
BrotUjamn
Mohs hardleiksskala4 - 5½
Glansjordaktig
StrekfargeGulbrun
TransparensUgjennomsiktig
Spesifikk vekt2.9 - 4.3
Tettleik2.7 - 4.3 g/cm3
Kjelder[1][2][3]

Brunjernstein ellerlimonitt er ei naturleg blanding av vasshaldigejernoksid, ofte iamorf ellerkryptokrystallinsk form, og dannar gjerne jordaktige eller tette massar med brun farge. Det er eit vanleg sekundærprodukt som oppstår vedforvitring og oksidasjon av jernhaldige mineral, eller det kan dannast ved uorganisk ellerbiogen utfelling imyrar oginnsjøar, til dømes sommyrmalm, eller i marine avsetningar. Den viktigaste bestanddelen er mineraletgoethitt, FeOOH, men ofte inngår òghematitt oglepidokrokitt (eipolymorf form av FeOOH), og dessutan ulike forureiningar ogadsorbert vatn. Som bestanddel av såkalla minettemalm er det ein viktig jernmalm.

Myrmalm

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Limonite mineral information and data.». Henta 16. oktober 2011. 
  2. «Mineral 1.0: Limonite». Arkivert fråoriginalen 21. februar 2019. Henta 16. oktober 2011. 
  3. «LIMONITE (Hydrated Iron Oxide)». Henta 16. oktober 2011. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Brunjernstein
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Brunjernstein&oldid=3470429»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp