Brother Where You Bound Studioalbum avSupertramp | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. mai 1985 | |
Innspelt | 1984–1985 | |
Studio | Ocean Way, Hollywood i California og The Backyard Studio i Encino i California | |
Sjanger | Progressiv rock,poprock,bluesrock | |
Lengd | 42:44 | |
Selskap | A&M | |
Produsent | David Kershenbaum, Supertramp | |
Supertramp-kronologi | ||
---|---|---|
…Famous Last Words… (1982) | Brother Where You Bound | The Autobiography of Supertramp (1986) |
Singlar fråBrother Where You Bound | ||
|
Brother Where You Bound er det åttandestudioalbumet til det engelskerockebandetSupertramp, utgjeve i 1985. Det var det første albumet deira etter det originale medlemmetRoger Hodgson slutta i bandet, ogRick Davies måtte ta over all låtskrivinga og synginga sjølv. Albumet inneheld topp 30-hitten «Cannonball».
Brother Where You Bound nådde 20. plassen påUK Albums Chart[1] og 21. plassen påThe «Billboard 200 i 1985,[2] og selte til gullplate i 1985.
Songen «Better Days» inneheld ein lengre uttoning med stemmer av dei fire nøkkelpersonane i den amerikanske presidentvalkampen i 1984 med sitat avGeraldine Ferraro ogWalter Mondale i venstre lydkanal ogGeorge H.W. Bush ogRonald Reagan i den høgre, blanda med saksofonsoloen tilJohn Helliwell.
Det 16 minuttar lange tittelsporet vart framført medScott Gorham fråThin Lizzy på rytmegitar ogDavid Gilmour fråPink Floyd på gitarsolo. Delar av teksten kom fråGeorge Orwell-romanenNineteen Eighty-Four. Ein demo for songen spelt inn før Roger Hodgson slutta i bandet,[3] for å kanskje vere med på albumet…Famous Last Words…, men bandet kom fram til at han vart for progressiv til å passe inn på resten av albumet, og spelte han ikkje inn den gongen.[4] Då demoversjonen vart spelt inn var songen berre ti minuttar lang.[4]
For å byggje interesse kring utgjevinga, vart albumet spelt for eit dusin journalistar invitert med påOrientekspressen fråParis tilVenezia, der dei òg fekk sjå ein full video for «Brother Where You Bound».[5] Gruppa hadde fram til no ofte halde ein låg profeil, men gjorde no mange intervju på radio og TV, mellom anna ei sending av «Brother Where You Bound» på MTV og Global Satellite Network samstundes.[6]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Meldinga tilAllMusic var positiv, men skreiv at den tematiske utforskinga av spaninga kringden kalde krigen var «datert og har ikkje eldast godt, men musikken her er ein glede». Dei trekte særskild fram den «krystallklåre lyden», den sterke framføringa av gjestemusikarane, og dei komplekse komposisjonane. Dei hylla òg bandet for å ha nok guts til å «gå attende til dei progressive rockerøtene» og samstundes forbetre poplåtskrivinga.[7]
Prog Sphere skreiv «Brother Where You Bound er eit perfekt døme på ei kryssing av prog og pop på sitt beste, og er såleis sterkt tilråda til alle som er fan av prog, men som syns «pop» er eit dårleg ord.»[8]
Alle songar skrivne avRick Davies.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Cannonball» | 7:38 |
2. | «Still in Love» | 4:36 |
3. | «No Inbetween» | 4:36 |
4. | «Better Days» | 6:15 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Brother Where You Bound» | 16:30 |
2. | «Ever Open Door» | 3:06 |
Andre medverkande
Singelliste – «Billboard (USA)[9]
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1985 | «Cannonball» | Hot Dance Music/Club Play | 9 |
Hot Dance Music/Maxi-Singles Sales | 25 | ||
Mainstream Rock spor | 4 | ||
BillboardHot 100 | 28 |
Vekeslister[endre |endre wikiteksten] | Årslister[endre |endre wikiteksten]
Salstrofé og salstal[endre |endre wikiteksten]
|