Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Brody

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brody
ukrainsk Броди
by
Eit tårn i Brody
Flagg
Land Ukraina
OblastLviv oblast
Koordinatar50°5′N25°9′E / 50.083°N 25.150°E /50.083; 25.150
Areal8,67 km²
Folketal 23 752  (2011[1])
Folketettleik2 740 / km²
Grunnlagd1084
 •  Magdeburgrettar1584
 •  Bystatus1584
Postnummer80600
Retningsnummer3266
Kart
Brody
50°04′41″N25°09′15″E / 50.078055555556°N 25.154166666667°E /50.078055555556; 25.154166666667
Kart som viser Brody.
Kart som viser Brody.
Kart som viser Brody.
Wikimedia Commons: Brody
Nettstad: Офіційний сайт Бродівської РДА

Brody (ukrainsk Броди,polskBrody,russisk Броды,jiddisk: בראָד,Brod) er einby iLviv oblast (provins) vest iUkraina. Han er det administrative senteret iBrody rajon (distrikt) og ligg i dalen til øvreStyr, kring 90 km nordaust forLviv. Byen har kring 25 000 innbyggjarar (2012).

OljerøyrleidninganeDruzjba- ogOdessa-Brody-røyrleidninga

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Byen vart først nemnd som bysetnad i 1084 og er trudd å ha blitt øydelagd avBatu Khan i 1241.

Brody fekkMagdeburgrettar og bystatus i 1546, då kjend somLubicz (Любич,polskLubicz). Sidan 1600-talet flytta mange jødar til byen og utgjorde etter kvart 70 % av innbyggjartalet. Frå 1629 kom byen inn underStanisław Koniecpolski, som gav ordre om å byggjeBrody borg (1630–1635). Borga vart teikna av den franske militæringeniørenGuillaume Le Vasseur de Beauplan. I 1648 tok detBohdan Khmelnytsky åtte veker på å erobre borga. Jødane i byen vart sparte fordi dei vart rekna for å ikkje ha delteke i mishandlinga av rutenarane og måtte derfor i staden berre ein skatt.[2]

I 1704 vart Brody kjøpt avPotocki-familien. I 1734 vart borga øydelagd av russiske soldatar og erstatta av slottet tilStanisław Potocki i barokkstil. I 1772 vart Brody ein del avHabsburg-riket (frå 1804 -Det austerrikske imperiet).

mailovene vart vedteke og mange russiske jødar vart drivne bort kom det i 1881 hundrevis av jødar til Brody dagleg.

Både polske og sovjetiske styrkar gjorde store øydeleggingar i byen underden polsk-sovjetiske krigen i 1920. Etter krigen vart byen ein del avDen andre polske republikken og var iTarnopol voivodskap. Brody var ein viktig militærbase. Dåandre verdskrigen braut ut i september 1939 vart Brody okkupert avden raude armeen. Mellom 26. og 30. juni 1941 fann eitstridsvognslag stad mellom tyske og sovjetiske korps. Tapa var store på begge sider. Tyskarane okkuperte byen 1. juli 1941 og sette jødane i byen i tvangsarbeid. Til slutt vart meir enn 3000 jødar deporterte og drepne.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Державний комітет статистики України. Чисельність наявного folketal України на 1 січня 2011 року, Київ-2011 (doc)
  2. http://litopys.org.ua/istrus/rusiv3.htm
Administrativt senter:Lviv
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Brody&oldid=3386078»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp