Brindisi er ein hamneby iItalia. Han er hovudstad iprovinsen Brindisi iregionenPuglia og har om lag 85 000 innbyggjarar.
Det finst fleire segner om korleis Brindisi vart grunnlagd og ein av dei hevdar at han vart grunnlagd av den legendariske heltenDiomedes.
Brindisi var truleg einillyrisk busetnad fram tilromarane tok over området. På latin er namnetBrundisium. Som eit messapisk senter var Brindisi i konflikt medTaranto og hadde nære relasjonar tilThurii. I267fvt. (245 fvt. i følgje enkelte kjelder) vart han erobra av romarane.[1] Etterpunarkrigane vart han eit stort senter for marinen til romarane og handel til sjøs. Underforbundsfellekrigen fekk innbyggjarane romersk borgarrettar og han vart ei frihamn underSulla. Han vart derimot omleira avCæsar i 49 fvt. (Bell. Civ. i.) og vart igjen angripen i 42 og 40 fvt.
DiktarenPacuvius vart fødd her rundt220 fvt., og den kjende diktarenVergil døydde her i 19 fvt. Under romarane var Brundisium ein storby i dei dagar med om lag 100 000 innbyggjarar. Han var ein aktiv hamneby og ein av dei viktigaste utfartsstadane tilHellas og Austen viaDyrrachium ellerKorfu. Han var forbunden med Roma gjennom veganeVia Appia ogVia Traiana.
Etter Romarriket sitt fall vart Brindisi erobra avaustgotarar og så gjenerobra avAustromarriket på 500-talet. I674 vart han øydelagd avlangobardar leia avRomuald I fråBenevento, men med ei slik flott hamn vart byen raskt bygd opp att. På 800-talet fanst det einsarasensk busetnad i nærleiken, som vart storma av sjørøvarar i836. Han kom igjen inn under austromarane og vart då erobra avnormannarar i1070, og seinare ein del avKongedømet Napoli under forskjellige dynasti. Som dei andre hamnebyane i Puglia kom Brindisi ein kort periode underRepublikken Venezia, men vart gjenerobra avSpania.
Einpest råka byen i 1348, medanjordskjelv gjorde store øydeleggingar i 1456.
Brindisi kom underAusterrike i 1707-1734, og etter dette inn underHuset Bourbon før han vart ein del av Italia. Mellom september 1943 og februar 1944 fungerte byen som mellombels hovudstad i Italia.