Brigantarane var einkeltisk stamme som i tida før opprettinga avRomersk Britannia budde i området mellom elvaneTyne ogHumber i nordlege England. Området deira, ofte kalla Brigantia, var sentrert rundt det som seinare vart tilYorkshire. Den greske geografenKlaudios Ptolemaios namngav ein (annan?) stamme ved same namn iIrland som dei oppheldt seg i områdetWexford,Kilkenny ogWaterford, medan historikarenStrabon omtalte det som truleg var ein annan stamme med same eller liknande namn,Brigantii, som ei undergruppe av vindelikarar (Vindelici) iAlpe-regionen.[1][2]
Innanfor det som erStorbritannia grensa britgantarane sitt område til fire andre keltiske stammar: Karvetiarar (Carvetii) i nordvest, som dei kan ha vore nærskyldt med; parisarar (Parisi) i aust; korieltauvarar (Corieltauvi) og kornoviarar (Cornovii) i sør. I nord låg området til votadiniane (Votadini) som oppheldt seg i området ved dagensgrense mellom England og Skottland.
Namnet til brigantarane (gresk Βρίγαντες) delar sameurkeltiske rotord som den keltiske gudinnaBrigantia, *brigant- i tyding «høg, opphøgd» og det er uklart om busetjingane som blei kalla forBrigantium blei kalla det fordi dei var «høge» eller «opphøgde» i metaforisk tyding av å tilhøyra ein adel, eller om det var bokstaveleg dei som budde i opplandet, ein referanse til fjellkjedaPenninane, eller om dei budde ibygdeborger som fysisk låg høgt i terrenget.[3]
På modernewalisisk betyr ordetbraint 'forrett, prestisje' og kjem frå same ordrot som *brigantī. Andre nærskylde former frå moderne keltiske språk er walisiskbrenin, 'konge' (< *brigantīnos); walisisk/kornisk/bretonskbri 'forrett, omdømme, ære, rang, verdigheit';skotsk-gæliskbrìgh, 'kraft, styrke, makt';irskbrí, 'energi, tyding';manskbree, 'kraft, energi', (alle < *brīg-/brigi-); og walisisk/kornisk/bretonskbre, 'høgd, ås' (< *brigā). PersonnamnetBridget, frå gamaelirskeBrigit (moderne irskBríd) kjem òg frå Brigantī, og det same gjer stadnamnet for den engelske elvaBrent.
Det er fleire oldtidsbusetnader kallaBrigantium rundt om iEuropa, mellom anna Berganza iAlava (Spania), Betanzos og Bergondo iGalicia (Spania),Bragança iPortugal ogBriançon, Brigetio ved grensa avSlovakia ogUngarn,Brigobanne som ligg ved elvaBreg og nær elvaBrigach i sørlegeTyskland (før-romerske Vindelicia) ogBregenz iAlpane.[4][5][6][7][8]
Detitalienske ordetbrigante, somengelske ogfranskebrigand ogbrigade kjem frå, opptrer i mellomalderlatin på 1300-talet i formenebrigancii, brigantii, brigantini,brigantes.[9][10] Sjølv om eit opphavleg keltisk opphav for ordet er mogleg, verker eitkvart samband mellom det italienske omgrepet og det keltiske stadnamnet usannsynleg sidan brigantarar ikkje hadde noka betydeleg rolle på Den italienske halvøya, og hadde forsvunne som eit folk rundt tusen år før omgrepet er dokumentert.
Dåromarane invaderteDei britiske øyane i år 43 var brigantarane den sterkaste keltiske stammen på øyane. Frå byrjinga av var dei vennleg stilte mot romarane, og fekk status somklientkongedømme, det vil seia eit kongedømme kontrollert avguvernøren iromersk Britannia, men med ein vissautonomi.
I år 50 søkteCaratacus tilflukt hos brigantenes dronningCartimandua etter å ha lide nederlag islaget ved Caer Caradock. For å visa lojaliteten sin mot romarane overleverte ho han til dei, og han blei teken til Roma i lenker. Dermed var ein av dei sterkaste av dei keltiske krigsherrane sett ut av spel.
Tacitus, i ein tale lagt i munnen på den kaledonske leiarenCalgacus, viser til brigantarane som «under leiarskapet til ei kvinne» nesten overvann romarane.[11]