Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Bremerhaven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bremerhaven
by
Våpenskjold
Land Tyskland
StatBremen
LandkreisKreisfri by
Del avBremen/Oldenburg Metropolitan Region
Høgdm
Areal93,66 km²
Folketal 114 677(31. desember 2023)
Grunnlagd1827
Postnummer27501–27580
Retningsnummer0471
BilnummerHB
Kart
Bremerhaven
53°33′00″N8°35′00″E / 53.55°N 8.5833333333333°E /53.55; 8.5833333333333
Wikimedia Commons: Bremerhaven

Bremerhaven er einhamneby iTyskland idelstatenBremen med om lag 115 000 innbyggjarar. Han dannar einenklave i delstatenNiedersachsen ved den austlege breidda til elvemunningen tilWeser, på motsett side av byenNordenham. Sjølv om byen er relativt ung har han ei lang historie som handelsnamn, og er i dag ei av dei største hamnene i Tyskland der han spelar ei viktig rolle i tysk handel.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd i 1827, men det var busetnadar i nærleiken alt på 1100-talet. Desse små landsbyane vart bygd på små øyar i den myraktige elvemunningen. Det var tidleg planar om ein festningsby på denne staden for å verne skip som reiste opp eller ned Weser, og i 1672 prøvdesvenske kolonistar å reise eit slott her (Carlsburg).

I 1827 kjøpte byenBremen områda ved munningen til Wester fråkongedømet Hannover. Bremerhaven oppstod og vart ei ny hamn berre 50 km frå Bremen. På grunn av handel med og emigrering tilNord-Amerika voks hamna og byen raskt.

Kongedømet Hannover grunnla ein rivaliserande by like ved sida av Bremerhaven og kalla hanGeestemünde (1845). Begge byane voks og oppretta industriar innan handel, skipsbygging og fiske. I 1927 vart Geestemünde og nabokommunane Lehe og Wulsdorf slått saman til den nye byenWesermünde og i 1939 vart Bremerhaven slått saman med Wesermünde igjen.

Det meste av byen vart øydelagd underden andre verdskrigen, men viktige delar av hamna vart spart slik at dei allierte hadde ei brukande hamn for forsyningar etter krigen. Under dei allierte sin okkupasjon av Tyskland etter krigen var Bremerhaven ein enklave styrt avUSA i den britiske okkupasjonssonen i Nord-Tyskland. I 1947 vart byen ein del av delstaten Bremen, og skita namn frå Wesermünde til Bremerhaven. I dag er Bremenhaven derfor ein del av staten Bremen, men ein by på eigahand. I tillegg er han faktisk direkte ein del av byen Bremen, som ligg 50 km lenger opp i elva Weser.

Galleri

[endre |endre wikiteksten]
Bremerhaven frå Radiotårnet.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Bremerhaven
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Bremerhaven&oldid=3595651»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp