Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Branta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Branta
Ringgås i North Carolina, USA Foto: Dick Daniels
Ringgås iNorth Carolina, USA
Foto: Dick Daniels
Systematikk
Rike:DyrAnimalia
Rekkje:RyggstrengdyrChordata
Underrekkje:VirveldyrVertebrata
Klasse:FuglarAves
Orden:AndefuglarAnseriformes
Familie:AndefamilienAnatidae
Underfamilie:Anserinae
Slekt:Branta
Scopoli,1769

Branta er eibiologisk slekt av seks artar «svartegjæser»,vassfuglar iandefamilien Anatidae. Dei lever i dei nordlege kystregionene avden palearktiske regionen og over heileNord-Amerika ogGrønland. Om vinterenmigrerer dei til meir sørlege kystar.Hawaiigås er standfugl påHawaii. Det finst òg forvilla fuglar av innførtekanadagjæserNew Zealand.

Artar innanfor slektaBranta kan skiljast frå alle andre gjæser på dei svarte mørk gråfarga bein. I tillegg svart nebb og store svarte område på hovud og nakke, med kvite, eller i éit tilfelle, oker, detaljar som kan brukast til å skilje dei ulike artene frå kvarandre. Hawaiigås, som på mange måtar skil seg frå dei andre, har ingen kvite detaljar på hovudet og svært lite svart, men som hos dei fleste gjæser er øvre og nedrestjertdekkarane kvite. MangeBranta-artar er mindre i storleik enn gjæser i andre slekter.

Dei eurasiske artane avBranta har ein meir kystnær utbreiing enn dei «grå gjæsene» iAnser. Jamvel om vinteren held dei seg nær havet.

Artslista

[endre |endre wikiteksten]

Branta i rekkjefølgje etterClementslista versjon 6.10 frå august 2015[1] med norske namn etterNorske navn på verdens fugler.[2]

NamnVitskapleg namnEngelsk namnStatusAutorUtbreiing etterHandbook of the Birds of the World Alive.
RinggåsB. berniclaBrantLCLinné, 1758B. b. bernicla den arktiske kysten av det sentrale og vestlegeSibir og overvintrar iVest-Europa: sørlegeEngland,Nord-Tyskland og nordlegeFrankrike.
B. b. hrotaFranz Josef Land,Svalbard,Grønland og i det nordaustlegeCanada, overvintrar iDanmark, nordaustreEngland,Irland og på den atlantiske kysten avUSA fråMaine tilGeorgia.
B. b. nigricans nordvestlege Canada,Alaska og overvintrar på vestkysten avNord-Amerika frå det sørlege Alaska tilCalifornia.
B. b. orientalis nordaustlege Sibir, overvintrar (truleg) iAust-Asia,Japan, og rundtGulehavet.[3]
KvitkinngåsB. leucopsisBarnacle GooseLCBechstein, 1803Hekking påAust-Grønland, overvintring påHebridane , vestlegeSkottland og i det vestlegeIrland.
Bestand 2 hekking påSvalbard, overvintring iSolway Firth på grensa mellomEngland ogSkottland.
Bestand 3 hekking påNovaja Zemlja, overvintring iNederland.
Bestand 4 hekking på øyar iAustersjøen, overvintring i Nederland.[4]
PolargåsB. hutchinsiiCackling GooseLCRichardson, 1832Frå vestreAleutane til begge sider av nordreHudsonbukta iCanada. Overvintring i Japan, vestleg USA, Mexico og sørlege USA.[5]
KanadagåsB. canadensisCanada GooseLCLinné, 1758Nord-Amerika. Området om tilsvarar omtrent Alaska, Canada og sørvestre Grønland er berre brukt i hekkesesongen, USA og litt inn i nordlege Mexico er berre brukt til overvintring. Hekking førekjem så langt sør som iFlorida. Arten er introdusert i norvestlege Europa medrekna Fennoskandia, han er dessuten innført tilNew Zealand.[6]
HawaiigåsB. sandvicensisHawaiian GooseVUVigors, 1834Utbreiinga er avgrensa til øyar iHawaii der han stort sett er standfugl.[7]
RaudhalsgåsB. ruficollisRed-breasted GooseENPallas, 1769Hekkar på tundra påTajmyrhalvøya og vest til og medJamalhalvøya. Overvintrar på tre åtskilte område: VestlegeTyrkia og i ei stripe langs vestkysten avSvartehavet, i nordlegeIran motKaspihavet og i eit mindre område sør iIrak og litt inn i Iran.[8]
Utbreiing i Noreg

Ringgås og kvitkinngås hekkar på Svalbard og trekker langs norskekysten, polargås og raudhalsgås er svært sjeldne gjester under trekk eller streif.[9]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; D. Roberson (august 2015),The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.10(CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. mai 2016 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008.Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008.Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  3. Carboneras, C., Christie, D.A. & Kirwan, G.M. (2016). Brent Goose (Branta bernicla). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved fromhttp://www.hbw.com/node/52823 on 18 May 2016).
  4. Carboneras, C. & Kirwan, G.M. (2016). Barnacle Goose (Branta leucopsis). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved fromhttp://www.hbw.com/node/52822 on 18 May 2016).
  5. del Hoyo, J., Collar, N. & Kirwan, G.M. (2016). Cackling Goose (Branta hutchinsii). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved fromhttp://www.hbw.com/node/467112 on 18 May 2016).
  6. Carboneras, C., Christie, D.A. & Kirwan, G.M. (2016). Canada Goose (Branta canadensis). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved fromhttp://www.hbw.com/node/52821 on 18 May 2016).
  7. Carboneras, C. & Kirwan, G.M. (2016). Hawaiian Goose (Branta sandvicensis). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved fromhttp://www.hbw.com/node/52820 on 18 May 2016).
  8. Carboneras, C., Kirwan, G.M. & Sharpe, C.J. (2016). Red-breasted Goose (Branta ruficollis). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved fromhttp://www.hbw.com/node/52824 on 18 May 2016).
  9. Søk påartsobservasjoner.no

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]


Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Branta&oldid=3574141»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp