Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Bowmore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bowmore
Bogh Mòr
by
Land Skottland
RegionArgyll and Bute
Folketal 720(2016)
PostnummerPA43
Retningsnummer0 1496
Kart
Bowmore
55°45′25″N6°17′11″W / 55.756944444444°N 6.2863888888889°W /55.756944444444; -6.2863888888889
Wikimedia Commons: Bowmore

Bowmore (skotsk-gæliskBogh Mòr) er ein landsby i regionenArgyll and Bute iSkottland. Han har kring 700 innbyggjarar. Han ligg på øyaIslay på den skotske vestkysten, og er administrativt sentrum for øya. Bowmore er først og fremst kjent som produksjonsstaden for det kjende skotskesingle malt-whiskymerketBowmore.

Bowmore er ein aplanlagd landsby med vide gater i eit rutenett. Han har opphav i ein tidlegare busetnad, Kilarrow, som låg på staden derIslay House ligg no fram til rundt 1770.[1]

I mai 1685 var Kilarrow ein av dei fyrste stadeneArgyll's Rising, eller Argyll-oppreisten, tok til under thejarlen av Argyll. Han hadde kome frå Nederlanda for å forsøka å styrtakong James II og VII, utan å lukkast.

Daniel Campbell den yngre byrja bygginga av ein ny landsby i samband med utbetringa av Islay House i 1770, like etter bygginga av den nyeKilarrow Parish Church, med ei uvanleg rund form. Den gamle landsbyen Kilarrow og kyrkja, vigdSt. Maelrhuba, blei så rivne, og innbyggjarane flytta til den nye landsbyen Bowmore. Kilarrow gamle kyrkjegard finst framleis på staden der den gamle landsbyen låg.[2]

Bowmore-distilleriet blei verksamt ein gong før 1816, og ligg ved breidda avLoch Indaal.

Galleri

[endre |endre wikiteksten]
  • Den runde kyrkja i Bowmore
    Den runde kyrkja i Bowmore
  • Bowmore-destilleriet
    Bowmore-destilleriet

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «The ruined monastery of Kilarrow on Islay». British Library. Arkivert fråoriginalen 2. februar 2017. 
  2. Islay, Kilarrow, Canmore

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Bowmore
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Bowmore&oldid=3555954»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp