Bosra (arabiskبصرى,Buṣrā, òg skriveBostra,Busrana,Bozrah,Bozra òg offisielt kallaBusra al-Shamarabiskبصرى الشام) er ein by sør iSyria, som administrativt høyrer tilDaraa-distriktet iDaraa guvernement. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Bosra eit folketal på 19 683 i 2004. Han er det administrative senteret inahiyah («underdistrikt») Bosra som består av ni stader med eit samla folketal på 33 839 i 2004.[1] Innbyggjarane i Bosra er hovudsaklegsunnimuslimar, men byen har eit litesjiamuslimsk samfunn.[2]
Bosra har ei gammal historie og underRomarriket var han ein velståande provinshovudstad. Han var administrativt viktig underislamtida, men vart gradvis mindre viktig i den osmanske tida. I dag er han ein viktig arkeologisk by og står påverdsarvlista tilUNESCO.
Busetnaden vart først nemnt i dokumenta tilTutmose III ogAkhenaton (1300-talet fvt.). Bosra var den førstenabateararbyen på 100-talet fvt. Nabatear-kongedømet vart erobra avCornelius Palma, ein general underTrajan i 106.
Ibysantinsk tid, som byrja på 400-talet, vartkristendom den dominerande religionen i Bosra. Byen vart setet for einerkebiskop og ein stor katedral vart bygd her på 500-talet.[3] Bosra vart erobra avsassanidiske persarar tidleg på 600-talet, men vart gjenerobra avAustromarriket.
Bosra spelte ei viktig rolle i det tidlege livet til denislamske profetenMuhammed, som skildra i dokumenta til den kristne munkenBahira.Styrkane tilRashidun-kalifatet under generalKhalid ibn Walid erobra byen frå bysantinarane islaget ved Bosra i 634. Gjennom det islamske styret tente Bosra som den sørlegaste utposten til Damaskus, og velstanden kom hovudsakleg av den politiske rolla byen spelte. Bosra var eit viktig senter langs pilegrimsruta mellom Damaskus og deimuslimske heilage byaneMekka ogMedina, der den årlege pilegrimsrutahajj enda.[4] Det tidlege islamske styret endra ikkje den generelle arkitekturen i Bosra, og berre to bygg er daterte tilUmayyadetida (721 og 746) då Damaskus var hovudstad ikalifatet. Innbyggjarane i Bosra konverterte gradvis til islam, og i prosessen vart dei heilage stadane frå romartida omgjort til muslimsk bruk.[5] På 800-talet skreivYa'qubi at Bosra var hovudstad i provinsenHauran.[6]
Mot slutten av Umayyad-tida i 750 vart Bosra mindre viktig dei 300 neste åra fram til slutten av 1000-talet. I dei siste åra avFatimidestyret, i 1068, vart det sett i gang ei rekkje byggjeprosjekt. Dåseldsjukkane tok over styret i 1076 auka fokuset på forsvarsverka kring Bosra. Det romerske teateret vart omgjort til ei festning, med ein ny etasje til det indre trappetårnet.[5] DåBurid-dynastiet tok over makta i Damaskus fekk generalKumushtakin heileHauran-sletta som eit len iatabegTughtakin. Under Kumushtakin vart det gjort forsøk på å gjere byen meir muslimsk med å bygge fleire islamske byggverk. Eit av desse prosjekta var restaureringa avUmari-moskeen, som vart bygd av umayyadane i 721.[5] Ein annan moske som vart bygt var den mindre al-Khidr-moskeen nordvest i byen i 1134. Kumushtakin fekk òg bygd einmadrasa langs den muslimske heilagdomen som æramabrak an-naqa («kamelknea»), som markerte avtrykka til kamelen som profeten Muhammed reid på då han vitja Bosra tidleg på 600-talet.[7]
Ein gullalder for politisk aktivitet og arkitektur i Bosra byrja underAjjubide-dynastiet med sultanal-Adil I (1196-1218). Mellom anna vart det bygt åtte store ytre tårn på festninga. Prosjektet byrja i 1202 og stod ferdig i 1253, mot slutten av Ajjubide-dynastiet. Dei to nordlege hjørnetårna tok meir plass enn dei andre seks. Etter al-Adil døydde i 1218, arva sonenas-Salih Ismail lenet Bosra og busette seg i citadellet. Under styret til Ismail vart Bosra meir politisk viktig. Ismail nytta byen som basen sin då han gjorde krav på sultanatet i Damaskus ved to forskjellige høve, mellom 1237-38 og 1239-45.[8]
I 1596 var Bosra oppført iosmanske skattelister somNafs Busra, og som ein del avnahiya Badi Nasiyya iqadaetHauran. Han hadde ein muslimsk folkesetnad som bestod av 75 hushaldningar og 27 ungkarar, og ein kristen folkesetnad på 15 hushaldningar og 8 ungkarar. Skattane vart betalte forkveite,bygg, sommaravlingar, frukt- eller andre tre, geiter og/eller bikubar og ei vassmølle.[9]
Romerske ruinar nord for citadellet.Nabateisk boge
I dag er Bosra ein viktig arkeologisk stad med ruinar frå romersk, austromersk og muslimsk tid. Det viktigaste er det bevarte romerske teateret. Kvart år vert det halde ein nasjonal musikkfestival i teateret.
Store samfunnsmessige og økonomiske endringar har råka Bosra etter slutten avdet franske mandatet i 1946. Fram til 1950-åra kom butikkeigarane i Bosra fråDamaskus, og sidan den gong har dei fleste butikkeigarane kome frå byen. Mange innbyggjarar fann arbeid i statane kringPersiabukta ogSaudi-Arabia og sendte pengar til slektningane sine i Bosra.
Under presidentstyret tilHafez al-Assad (1970-2000) gjorde regjeringa lite i Bosra og dei omliggande landsbyane og dei var politisk dominerte av al-Miqdad-familien som fungerte som eit slags mellomledd mellom innbyggjarane i byen og guvernøren iDaraa ogBa'ath-partiet på den andre sida.[10]
I januar 2013, etter 22 månader ut iden syriske borgarkrigen snakka flyktningar frå Bosra om eskalerande vald og mange lik i gatene.[11]
Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977).Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Germany: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.