Boreal er nemninga på ein del av dentempererte sona påden nordlege halvkula. Den boreale regionen vert kjenneteikna avbarskog ogtundra og dekker kring 15 % av landarealet på jorda. Regionen omfattar nordre delar avRussland ogEuropa,Canada og Alaska. Området har dei største landbasertekolreservoara i verda.
Definisjonen på den boreal region er at gjennomsnittstemperaturen i juli skal overstige 10°C og at vekstsesongen skal vere kortare enn 100 dagar.
Ordet «boreal» tydernordleg ellerarktisk og vert brukt i ulike vitskaplege samanhengar (må ikkje vekslast medarktisk klima). Ordet kjem frå det latinskeborealis med same tyding og opphav frå det greskeBoréas, som tydernordavind. Ordet finst ikong Bore. Vekstenlinnéa har det vitskaplege namnetLinnaea borealis, ognordlys kan også kallastaurora borealis.
Sirkumboreal er ei nemning på utbreiingsområde av artar. Ei organisme er sirkumboreal om utbreiingsområdet er meir eller mindre samanhengande rundt den boreale sonen.