Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Boogiewoogie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråBoogie woogie)
Boogiewoogie

Stilmessig opphavBlues
Kulturelt opphavTidleg i 1870-åra, Piney Woods frå Nordaust-Texas
Typiske instrumentPiano
Avleidde formerRock and roll
Blandingssjangrar
Rockabilly,rock and roll,jump blues,swing

Boogiewoogie er einpianobasert blues som vart særs populær seint i 1930- og tidleg i 1940-åra, men som hadde opphav langt tidlegare. Det nytta piano, gjerne to-tre samstundes,gitar ogstorband. Medanblues tradisjonelt har skildra forskjellige kjensler, er boogiewoogie hovudsakleg knytt tildansing. Ein trur at boogiewoogie var opphavet til den første raske, livlege musikken. Teksten til ein av dei tidlegaste «Pinetop's Boogie Woogie», består hovudsakleg av instruksjonar til dansarane:

Now, when I tell you to hold yourself, don't you move a peg.
And when I tell you to get it, I want you to Boogie Woogie!

Dette er første gong ein finn namnet på ei plateinnspeling, avPinetop Smith frå 1928. Han ogJimmy Yancey var av dei beste boogiewoogie-pianistane i 1920-åra.

Stilen er karakterisert av ei jamnbasslinje bygd opp av åttandedelar med venstrehanda, og denne vert transponert i forhold til akkordskifta.

Ei anna

Det er ikkje strengt tatt ein solopiano-stil, men vert òg nytta til å akkompagnere songarar og som ein solo i band og små jazzorkester.Akkordprogresjonen er typisk basert påI -IV -V -I (med mange variasjonar, somI/i -IV/iv -v/I, samt akkordar som fører inn i desse.

For de meste er boogiewoogie-melodiar12-taktsbluesar, men stilen har vorte nytta på populære songar som «Swanee River» og hymner «(Just a) Closer Walk with Thee».

Boogiewoogie slo igjennom for fullt i 1937-1938 iFrom Spirituals to Swing-konsertane iCarnegie Hall, som vart lansert av produsentenJohn Hammond, gjennom pianistar somAlbert Ammons,Pete Johnson ogMeade Lux Lewis. Trass i at musikkstilen berre var populær nokre få år, medverka han til utviklinga avjump blues og etter kvartrock and roll, representert vedJerry Lee Lewis,Ray Charles,Little Richard ogFats Domino. Tonespråket, harmoniane og rytmane er mykje dei same i rock 'n' roll som i boogiewoogie, men den store skilnaden er at rock 'n' roll vart framført på elektrisk gitar og bass og med moderne trommesett.

Namn

[endre |endre wikiteksten]

Enkelte kjelder oppgjev boogie som eit slangord for «negermusikar», medan andre knyter namnet til slanguttrykket «booger-rooger», som i 1920-åra vart nytta om ein laussleppt fest. Det er òg hevda at ordet har røter i det afrikanske språkethausa, eller at det berre er lydmålande.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

«boogie_woogie» iStore norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Boogiewoogie
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Boogiewoogie&oldid=3487280»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp