Paul David Hewson (fødd10. mai1960), kjend under scenenamnetBono, er ein irsk songar-låtskrivar, musikar, ventureinvestor, forretningsmann og filantrop.[1] Han er mest kjend somfrontmann i rockebandetU2 fråDublin. Bono vart fødd og voks opp i Dublin og gjekk påMount Temple Comprehensive School, der han møtte den framtidige kona si,Alison Stewart, og dei framtidige medlemmane av U2.[2][3][4] Bono har skrive nesten alle tekstane til U2, og nyttar ofte religiøse, sosiale og politiske tema.[5][6] I dei tidlege åra til U2 hadde tekstane til Bono ein opprørsk og spirituell tone.[5] Etter kvart som bandet vart eldre, har tekstane vorte meir personlege.[3][5]
Utafor bandet har han samarbeidd og spelt inn musikk med mange andre artistar,[7][8][9] og er direktør og partnar iElevation Partners,[10] og har pussa opp og eigClarence Hotel i Dublin medThe Edge.[11][12] Bono er vidt kjend for aktivismen sin forAfrika, og han har vore med å starteDATA,EDUN,ONE Campaign ogProduct Red.[3][13] Han har organisert og spelt på mange konsertar for veldedige føremål og har møtt mange viktige politikarar.[13][14][15] Bono har blitt hylla og kritisert for aktivismen og involveringa til U2.[16][17][18]
↑Booth, C. (23 June 1986). Conspiracy of Hope Tour.Time, 127.
↑Wolinsky, D. (31 May 2005). DMB, U2 Lead Live 7 Shows.Rolling Stones. Retrieved 25 July 2007, fromRolling StoneArkivert 2009-04-22 vedWayback Machine..