Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Boeing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boeing International Headquarters i Near West Side iChicago.

The Boeing Company (som regel forkorta tilBoeing) er einamerikansk fabrikant avfly ogromfartsmateriale for sivile og militære føremål. Hovudkvarteret ligg iChicago iIllinois, medan det største produksjonsanlegget ligg iSeattle iWashington.

Hovuddivisjonane erBoeing Integrated Defense Systems, som er ansvarleg for forsvars- og romfartsprodukt, ogBoeing Commercial Airplanes, som er ansvarleg for sivile luftfartøy.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

1916 - 1923. Sjøfly, møblar og luftpost

[endre |endre wikiteksten]
Modell av sjøflyet Boeing B&W.

Selskapet vart starta i1916 avWilliam E. Boeing ogGeorge Conrad Westervelt. Namnet påføretaket var dåPacific Aero Products Co.. Det førstesjøflyet deira vart gjeve namnetB&W som var initialane til dei to. Westervelt slutta før flyet vart ferdig, men William Boeing fullførte prosjektet åleine. Då sjøflyet skulle testast, vartestpiloten som skulle fly flyet forsinka, og William Boeing sett seg sjølv bak spakane istaden. Då piloten endeleg nådde flyhangaren, hadde Boeing akkurat letta frå innsjøen.

I 1917 skifta Boeing namnet på føretaket. Det nye namnet vart“Boeing Airplane Company”.Boeing hadde no 28 tilsette, både snikkarar, båtbyggjarar og pilotar. Ettersom sjøflyetB&W ikkje selde, måtte Boeing ta i bruk eigne midlar for å dekkje lånet som skulle garantera dei tilsette løn, omkring 700$ i veka.

Den første produksjonsordra kom på sjøflyetModel C. Den amerikanske marinen bestilte 50 fly som skulle brukast til trening av pilotar, og hæren bestilte ytterlegare to.“Boeing Airplane Company” talde no 337 tilsette. Etterden første verdskrigen vart det overskot på fly og føretaket måtte ei stund produsere møblar for å overleve, samtidig som ein og konstruerte nye flytypar. Ingen av desse kom lenger enn til skrivebordet.

Sjølv om“Boeing Airplane Company” sleit økonomisk, skreiv føretaket historie. Med eit BoeingC-700 reiste William E. Boeing og piloten Eddie Hubbard fråVancouver,Canada tilSeattle med verdas første flypost. Hubbard brukte seinare ein B-1 til å fly same ruta.

1923 - 1934. Kontraktar, oppkjøp og oppsplitting

[endre |endre wikiteksten]

I 1923 tapte Boeing kampen om ein militærkontrakt om jagarfly. Curtiss Aeroplane and Motor Co. var først ute og vann kontrakten, Boeings prototype, Model-15 vart likevell tatt godt imot og Boeing vart etterkvart leiande på produksjon av jagarfly dei neste ti åra.

I 1927 vann Boeing ein kontrakt på flypost mellom byaneSan Francisco,California, ogChicago. Boeing stifta difor eit eige flyselskap,Boeing Air Transport. Etter berre eit år vart begge føretaka, samtPacific Air Transportslått saman til“United Aircraft And Transport Corporation”. I åra som kom, fylgde dessutan ei rekkje oppkjøp av firma somPratt & Whitney ogHamilton Standard Propeller Company, begge produsentar av flymotorar, samt enda eit transportfirma,National Air Transport.

I 1928 komP-12, eit biplant jagarfly i to versjonar, eit for hæren og eit for marinen. Nær 600 flyet vart seld til det amerikanske forsvaret. 1931 var første flyturen til bombeflyetBoeing B-9, det første militære bombeflyet produsert berre av metall. I 1933 byrja produksjonen avBoeing P-26, det første jagarflyet til det amerikanske luftforsvaret som berre hadde eit enkelt sett med venger.Boeing P-26, med tilnamnet Peashooter, vart også seld til utlandet, noko som gav ekstra inntekter.

I 1934 kom ein lov som forbaud flyprodusentar i å også drive flytansport. Dermed måtte føretaket delast opp i tre mindre føretak: Boeing Airplane Company,United Airlines, ogUnited Aircraft Corporation. Etter dette selde William Boeing alle aksjane sine og trekte seg ut av flyindustrien.

Utviklinga av militærfly fekk og konsekvensar for utviklinga av passasjerfly.Boeing 314 Clipper vart det første flyet til å fly transatlantiske ruter, ogBoeing 307 Stratoliner, vart verdas første passasjerfly med trykk-kabin og kunne dermed nå ei høgde på 6 000 meter.

1939 - 1945, Verda i krig

[endre |endre wikiteksten]
EitBoeing B-17 Flying Fortress på bombetokt underden andre verdskrigen.

den andre verdskrigen braut ut, vart det ei ein nedgang i behovet for sivile fly, samtidig som behovet for militære fly auka. For å kunne produsere bombe- og jagarfly raskt og effektivt, skulle tidlegare konkurrentar no samarbeide om produksjonen av kvarandres fly. Det Boeing utvikla bombeflyetB-17 vart til dømes også sett saman avLockheed Aircraft Corp. ogDouglas Aircraft Corp.. Totalt vart det produsert 12 731 B-17, av dei var "berre" 6981 fly produsert hjå Boeing. I 1944 vart BoeingsBB-29 Superfortress sett inn i krigen, i hovudsak i Stillehavet. B-29 er mest kjend forAtombombene som fall overHiroshima ogNagasaki, og som enda med at Japan kapitulerte. Krigen var slutt.

1945-1970, Etterkrigsår

[endre |endre wikiteksten]
Boeing 707

Då fredsåra kom, vart dei fleste ordrane på bombefly kansellerte og 70 000 personar mista jobbane sine hjå Boeing. Føretaket entra den kommersielle marknaden igjen medBoeing 377 Stratocruiser, eit fire motors luksuriøst passasjerfly. Stratocruiser selde likevell ikkje like mykje som Boeing hadde vona, men føretaket gjorde det betre med militære fly tilpassatroppetransport oglufttanking.

Teknologi som var utvikla i krigsåra gjorde innpass i sivil luftfartsindustri. i 1958 byrja Boeing å levereBoeing 707, eit passasjerfly medjetmotorar. 707 var eit tilsvar motbritiskede HavillandComet,franskeSud AviationCaravelle ogTupolevTu-104 fråSovjetunionen. Med 707 vart Boeing leiande innan sivil luftfartsindustri. Seinare kom 720 og etter det igjen kom 727.

I byrjinga av 1960 kjøpte Boeing opp føretaket Vertol Aircraft Corp. som skifta namn til Boeing Vertol. Året etter komhelikopteretCH-47 Chinook ogCH-46 Sea Knight kom i 1967. Same året komBoeing 737, det mest selde mellomdistanse passasjerfly i verda.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Spire
Dennetransportartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Boeing&oldid=3371326»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp