Bly er eitgrunnstoff medkjemisk symbolPb. Bly er eitmetall igruppe 14 idet periodiske systemet. Bly er eit uedelt tungmetall med lågt smeltepunkt. I luft vil bly vere blågrått på, sidan blyet vil regagere med oksygen og danne eit lag blyoksid på overflata. Dersom ein skrapar av dette laget vil bly vere sølvaktig, men vil oksydere og bli blågrått på nokre minutt.
Ioneradien til blyionet er omtrent lik ioneradien tilCa2+. Dette gjer at bly akkumulerer ibeinvev.
Bly er eit lettformeleg metall og har vore brukt sidan oldtida, mellom anna tilrøyrlegging,ballast, som byggemateriale, bindemateriale iglasmåleri, ammunisjon somblyhagl,sats itrykking, imåling og tilmatkonservering. Sidan stoffet er giftig har det vore mindre brukt i moderne tid. I dag vert bly mellom anna brukt i bilbatteri, og blysambindingar har vore tilsett ibensin for å auka oktantalet.