Utviklinga av stilen starta i midten av 1960-åra iEngland ogUSA somrhythm and blues spelt av kvite europearar. Britiske band somThe Animals,Cream ogThe Rolling Stones eksperimenterte med musikk frå eldre amerikanske bluesartistar somHowlin' Wolf,Jimmy Reed ogMuddy Waters.[3] Dei tidlege bluesrockbanda prøvde å spele lange improvisasjonar som var vanlege innanjazz, men i 1970-åra vart bluesrocken tyngre og meir riff-basert.[3] Tidleg i 1970-åra vart grensene mellom bluesrock oghardrock mindre synleg då band byrja å spele inn rockealbum. I 1980- og 1990-åra har mange bluesrockband gått tilbake til sine bluesrøter og nokre av desse, somFabulous Thunderbirds ogStevie Ray Vaughan vart ein periode store stjerner.[3]
Bluesrock består ofte av blues- og boogieimprovisasjonar over12-taktsblues og har ofte fokus på den elektriske gitaren. Stilen er ofte tyngre og meir riff-basert enn songar som ein t.d. finn i tradisjonellchicagoblues. Bluesrockbanda lånte litt frå instrumental jazz- og blues og litt frå den forsterka rock'n'roll-musikken.[3] Han vert òg ofte spelt i eit raskare tempo enn tradisjonell blues.[3]
Typisk bluesrockmusikk vert spelt av einelektrisk gitar,bassgitar ogtrommer. Gitaren er vanlegvis forsterka gjennom ein røyrforsterkar eller det vert brukt einoverdrive-effekt. Ofte vert det nytta to gitarar i bluesrockband, der den eine spelarriffet og akkordane på einrytmegitar, medan den andre spelar melodilinjer og soloar på einsologitar.[3] I 1950-åra nytta bluesband stundom framleisståbass, medan bluesrockband i 1960-åra nytta elektrisk bass, som var lettare å forsterke til høg lydstyrke.Tangentinstrument sompiano oghammondorgel vert òg stundom nytta. Som den elektriske gitaren er ofte òg hammondorgelet forsterka gjennom ein røyrforsterkar som gjev ein rumlande, «anstrengt» lyd. Vokalen spelar òg ofte ei viktig rolle, men stundom kan han vere likestilt med eller mindre viktig enn sologitaren. Fleire bluesrocksongar er berre instrumentalar.
Bluesrock følgjer vanlegvis 12-taktsblues-strukturen, men stundom vert det nytta andre strukturar, som t.d. iAllman Brothers si utgåve avT-Bone Walker sin «Stormy Monday», som følgjer 12-taktsblues-formatet, men med andre akkordar:
i staden for den vanlege G | C | G | G | C | C | G | G | D | C | G | G (D) progresjonen. Progresjonen vert vanlegvis repetert og songen har berre ein seksjon, men det finst òg unntak der nokre songar har ein ny seksjon til. Nøkkelen er vanlegvis idur, men kan òg vere imoll og ein vanleg teknikk er å nytte einpentatonisk skala i moll medblånotar, som t.d.Albert King nyttar i nesten alle innspelingane sine. Sologitaren nyttar generelt den pentatoniske skalaen, anten i dur eller moll, under soloar.
Sjølv om rock og blues alltid har vore nært knytt til kvarandre vart ikkje bluesrock sett på som ein særeigen sjanger før seint i 1960-åra. I 1963 utvikla den amerikanske gitaristenLonnie Mack ein gitarstil som seinare vart identifisert som bluesrock. Det året gav han ut fleire rockeinstrumentalar på gitar som var basert på blues. Den mest kjende av desse er hitsinglane «Memphis» (Billboard #5) og «Wham!» (Billboard #24). Bluesrock vart derimot ikkje rekna som ein eigen sjanger før nokre år seinare då britiske band somFree,Savoy Brown og dei tidlegaste utgåvene avFleetwood Mac dukka opp. Medlemmene i Fleetwood Mac hadde tidlegare spelt med fleire britiske bluesband, mellom anna medJohn Mayall ogAlexis Korner. På denne tida vart òg innspelingane til Mack oppdaga på ny og han òg vart rekna som ein bluesrockartist. Andre amerikanske artistar somJohnny Winter,Paul Butterfield og gruppaCanned Heat vert òg rekna som pionerar innan bluesrock.
Musikkritikaren Piero Scaruffi meiner at bluesrocksjangeren vart definert dåJohn Mayall gav ut albumetBluesbreakers i1966 med gitaristEric Clapton. Scaruffi skildrar bluesrock som rhythm and blues spelt av europeiske musikarar.[4]
Dei revolusjonerande gitarteknikkane tilJimi Hendrix ogpowertrioane hans The Jimi Hendrix Experience ogBand of Gypsys hadde ein brei og langvarig innverknad på utviklinga av bluesrock, særleg for gitaristar.Eric Clapton var ein annan gitarist som hadde stor innverknad på sjangeren. Spelinga hans på 1960- og 1970-talet medJohn Mayall og the Bluesbreakers,The Yardbirds, supergruppaBlind Faith,Cream ogDerek and the Dominos og ein omfattande solokarriere, har vore viktige for å føre bluesrock ut til eit større publikum. Amerikanske artistar somThe Doors ogJanis Joplin var òg medverkande til å føre sjangeren ut til dei store massane.
Seint på 60-talet revolusjonerteJeff Beck, eit tidlegare medlem avThe Yardbirds, bluesrock ved å gjere han tyngre, og han tok Storbritannia og USA med storm med bandet sittThe Jeff Beck Group.Jimmy Page, som òg hadde spelt i The Yardbirds, dannaThe New Yardbirds som raskt vart kjend somLed Zeppelin. Led Zeppelin hadde kolossal innverknad på bluesrock-miljøet tidleg på 70-talet. Det australske bandetAC/DC var òg påverka av bluesrock. Andre bluesrockmusikarar som medverka til miljøet i 1970-åra varRory Gallagher ogRobin Trower.