Blomsterpotte eller plantepotte er eipotte som kan brukast til å dyrka plantar i. Dei blir brukt igartneri,heimar oghagar til å dyrka fram småplantar til vidare bruk eller til å husa potteplantar permanent. Potter finst i ulike storleikar, og kan ha enkel utforming eller vera meir dekorative.
Tradisjonelt blei blomsterpotter gjerne laga av brent leire (terrakotta). I dag er det blitt vanlegare med blomsterpotter av plastmateriale. Ein har også gått meir over til å bruka pluggbrett i staden for potter ved oppal av småplantar.[1]
Ein har brukt potter til formeiring og transport i lang tid.Allereie frå Det gamle Egypt er det kjend at potter blei brukte til plantetransport.[2]Også dei gamle grekarane og romarane brukte blomsterpotter. Den greske filsofenTheofrastos skildra i si 'Plantehistorie' frå 300-talet f.Kr. korleis ein sådde trefrø i potter.I si bok om jordbruk frå 100-talet f.Kr. skildrarCato den eldre korleis potter ein hadde såddfrø eller plantastiklingar i kunne knusast og planten plantast i jorda. Arkeologiske pottefunn støtter denne skildringa. Pottene ein har funne har hol i botnen, kanskje både for å gje drenering og for å la røtene veksa ut frå potta.[3]
Potter har også vore brukt til dekorasjon. Funn fråPompeii ogHerculaneum tyder på at ein kunne setja dei opp rundt eit basseng i midten av eitatrium.[2]Underrenessansen kunne ein bruka fint utforma potter til dømes i hjørnene avparterre-design, langsterrassekantar eller på toppen av murar.[3]