Blackfoot Siksiká (ᓱᖽᐧᖿ) siksikáí’powahsin[1] ni'tsiitápi'po'ahsin[2] | ||
Klassifisering | Algisk Algonkinsk Plains Algonquian | |
Bruk | ||
Tala i | USA,Canada | |
Område | Blackfeet Indian Reservation iMontana ogPiikani,Siksika, ogKainai Reserve i det sørlegeAlberta | |
Blackfoottalande i alt | 5 100[3]; 5 000 til <8 000[4] | |
Skriftsystem | Blackfoot-stavingsskrift,latinsk skrift | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | bla | |
ISO 639-3 | bla | |
Blackfoot,niitsipowahsin ellersiksiká er eitalgonkinsk språk som blir tala avblackfootfolk (endonymniitsítapi ogsiksikaitsitapi).
Språket blir tala av om lag 5000 menneske iCanada av ei etnisk gruppe på 15 000 og av om lag 100 iUSA av ei etnisk gruppe på 5–8000. I Canada bur blackfoot-folka på Siksika-, Piegan- og Blood-reservata i den sørlege delen av provinsenAlberta og i USA på Blackfeet-reservatet i delstatenMontana. Dei fire reservata er bustaden til fire undergrupper (engelskbands) som eksisterte før reservata blei oppretta:
Desse undergruppene snakkar kvar sin av dei fire hovuddialektane av blackfoot-språket.
Blackfoot har tre korte og tre langemonoftongar og trediftongar:
Fremre urunda | Sentral urunda | Bakre runda | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
Trong | i | ii | ||||
Midtre | o | oo | ||||
Open | a | a |
Open,sentral➝ trong,fremre | Open,sentral➝ midtre,bakre | midtre,bakre➝ trong,fremre |
---|---|---|
ai | ao | oi |
Blackfoot har ti konsonantar, her attgjevneortografisk:
Labial | Alveolar | Palatal | Velar | Glottal | |
---|---|---|---|---|---|
Plosiv | p | p | k | ' | |
Affrikat | ts | ||||
Frikativ | s | h | |||
Nasal | m | n | |||
Halvvokal | w | y |
Konsonantane ',h,w ogy er alltidkorte, medan alle det ved alle dei andre erdistinktiv opposisjon mellomkorte oglange. Dei lange blir skrivne ved fordobling av bokstavane for dei korte, som er attgjevne i tabellen over. Langts blir skriventts.
Blackfoot er eittonespråk, med eindistinktiv opposisjon mellom einhøg tone og einlåg tone.Høg tone er markertortografisk med einakutt aksent (´), medanlåg tone ikkje er markert. Jamfør desse to orda, som inneheld dei samefonema, men der det fyrste harhøg tone (H) på fyrstestavinga oglåg tone (L) på andre og tredjestavinga, medan det andre harlåg tone på fyrste og sistestavinga oghøg tone på andrestavinga:
Siksiká-, Kainai- og Aapátohsipikani-reservata tok i bruk ein standardisert ortografi med latinske bokstavar i 1975, utforma av språspesialisten Donald G. Frantz med hjelp frå fleire blackfoottalarar.[1]Blackfoot-alfabetet har 13 bokstavar: a, h, i, k, m, n, o, p, s, t, w, y, og einglottal plosiv, '.[5]
Bokstav | A a | H h | I i | K k | M m | N n | O o | P p | S s | T t | W w | Y y | ' |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
IPA | a ~ʌ | h ~x | i ~ɪ | k | m | n | o ~ʊ | p | s | t ~d | w | j | ʔ |
Ein nyttar også todigrafar, tsts og ksks.
Diftongar | IPA |
---|---|
ai | e ~ε ~æ ~aj |
ao | ɔ ~aw |
oi | oj |
Vokalar kan markerast med einakutt aksent eller vera understreka for å visa tonehøgd. Vokalar og konsonantar som er lange vert skrivne med doble bokstavar (aa =aː).[5]
Eistavingsskrift,ᑯᖾᖹ ᖿᐟᖻ ᓱᖽᐧᖿpikoni kayna siksika, blei laga av den anglikanske misjonærenJohn William Tims kring 1888, til arbeidet hans med å omsetja Bibelen til blackfoot. Stavingsskrifta liknar mykje på den tilvestcree, men formene på bokstavane er innovative. To seriar (s,y) blei tekne frå cree men gjevne ulike vokalverdiar; tre til (p,t,m) fekk endra konsonantverdiar, etter kva latinsk bokstav dei likna, og dei andre (k,n,w) vart skapte av asymmetriske delar av latinske og greske bokstavar. Symbolet fornullkonsonanten kan vera avleidd frå musikknotasjonen for eifiredelsnote. Den latinske orientasjonen av bokstavane vert brukt fore-serien, etter namna på dei latinske bokstavane,pe, te osb.
Blackfoot | Latinsk kjelde |
---|---|
ᑭpe | P |
ᒥte | T |
ᖼke | K |
ᒋme | m |
ᖸne | N |
ᖴwe | digammaϜ |
Retninga til kvar vokal er ulik frå den til cree, og følgjer latinsk alfabetisk rekkjefølgje. Orienteringa tile vert brukt til diftongen/ai/. Symbol for konsonantane er tekne frå konsonantsymbol utan stammen, bortsett frå for diftongane (Ca pluss [ᐠ] forCau, ogCa pluss [ᐟ] forCoi.
C | -a | -e | -i | -o | sist | midtre |
---|---|---|---|---|---|---|
(ingen) | ᖳ | ᖰ | ᖱ | ᖲ | ||
p- | ᑫ | ᑭ | ᑯ | ᑲ | ᐤ | |
t- | ᒣ | ᒥ | ᒧ | ᒪ | ᐨ | |
k- | ᖿ | ᖼ | ᖽ | ᖾ | ᘁ | |
m- | ᒉ | ᒋ | ᒍ | ᒐ | ᐢ | |
n- | ᖻ | ᖸ | ᖹ | ᖺ | ᐡ | |
s- | ᓭ | ᓯ | ᓱ | ᓴ | ᔈ | ᐧ |
y- | ᔦ | ᔨ | ᔪ | ᔭ | ᐟ | ᑉ |
w- | ᖷ | ᖴ | ᖵ | ᖶ | ᐠ | ᙿ |
Det finst også andre sistebokstavar: allofonar [ᑊ][h] og [ᐦ][x], og tre midtre: [ᖿᐧ]ksa, [ᒣᐧ]tsa, [ᖿᑉ]kya, [ᖿᙿ]kwa.
[᙮] blir brukt til punktum.
John Tims var ein anglikansk geistleg som verka forChurch Missionary Society. Han var vedBlackfoot-reservatet frå 1883 til 1895. Tims omsette delar av Bibelen til blackfoot. Delar av Matteus-evangeliet var gjevne ut av Church Missionary Society Mission Press i 1887. I 1890 vart Matteus-evangelietgjeve ut avBritish and Foreign Bible Society, og same året vart andre delar av Bibelen gjevne ut som Readings from the Holy Scriptures avSociety for Promoting Christian Knowledge. Tims brukte både latinsk skrift og stavingsskrift. Markus-evangeliet vart omsett av Donald G. Frantz og Patricia Frantz, og gjeve ut av Scriptures Unlimite i 1972. Johannes-evangeliet vart omsett av Wycliffe Bible Translators og blackfootfolk og gjeve ut avCanadian Bible Society i 1979.
Tradisjonell blackfootlitteratur har vore munnleg. I nyare tid er det gjeve ut fleire barnebøker på blackfoot.[6][7][8]