Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Biogeografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over dei biogeografiske regionane.██ Nearktisk region██ Palearktisk region██ Afrotropisk region██ Indomalayisk region██ Australsk region██ Neotropisk region

Biogeografi er læra om dengeografiske spreiinga til ulikeorganismar, og om prosessane som ligg bak ho. Mønstra av artsdistribusjon på dette nivået kan vanlegvis forklarast gjennom ein kombinasjon av historiske faktorar somartsdanning,utrydding,kontinentaldrift,istider, endring av elveløp osb., i kombinasjon medøkologiske faktorar i miljøet.

Biogeografien kan delast opp i mellom annadyregeografi ogplantegeografi.

Biogeografiske regionar

[endre |endre wikiteksten]

Den biogeografiske verda er delt inn i seks regionar:

Stundom vert ògAntarktis ogOseania rekna som biogeografiske regionar.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Biogeografien som vitskap oppstod på 1800-talet og vart grunnlagd av oppdagarenAlexander von Humboldt, som utførte eit omfattandebotanisk kartleggingsarbeid på reisene sine.Alfred Russel Wallace kartla spreiinga avfauna ogflora iIndonesia på 1850-talet og nytta observasjonane sine som indisium for eiutviklingslære han kom fram til uavhengig avCharles Darwin (men på om lag same tida).

Biogeografien som vitskap var likevel reint deskriptiv fram tilRobert MacArthur ogEdward O. Wilson publiserteThe Theory of Island Biogeography i1967, kor dei utvikla ei rekkje teoriar for å måla forventa artsrikdom i gitte miljø. Mellom faktorane dei nytta i utrekningane sine varhabitatområde,innvandringsrate ogutryddingsrate. Arbeidet deira førte til ein straum av forsking påøybiogeografi.

Medmolekylærbiologien sitt inntog oppstod ei ny grein av biogeografi;fylogeografien. Denne utviklinga gjorde det mogleg for vitskapsfolk å testa teoriane sine om opphavet og utryddinga til bestandar, mellom annaendemiske øy-artar. Der klassiske biogeografar var i stand til å spekulera på kvar artane påHawaii-øyane kom frå, kan fylogeografar nyttaDNA og finna ut om dei er nærast i slekt med tilsvarande artar iAsia eller iNord-Amerika.

Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Biogeografi&oldid=2959751»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp