Bilateria ellertosidig symmetriske dyr erdyr som ersymmetriske rundt ein midtakse. Kroppen deira har ein klar fram- og bakende og ei over- og underside. Høgre og venstre side av kroppen dannar spegelbilde av kvarande, sjølv om desse ikkje nødvendigvis er heilt fullstendige, til dømes i høve til indre organ.
Dei flesteekte fleircella dyr høyrer til gruppa Bilateria, med berreRadiata utanfor.[1]Gruppa blir delt inn i to hovudgreiner;Protostomia, som omfattar dei fleste virvellause dyr, ogDeuterostomia, som mellom anna omfattar pigghudar og ryggstrengdyr.[2]