Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Bibcode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bibcode er ein identifikator brukt av ei rekkjeastronomiske datasystem for å spesifiera litteraturreferansar. Bibcode blei utviklet for bruk iSIMBAD ogNASA/IPAC Extragalactic Database (NED), men er no meir utbreidd i bruk – for eksempel iNASA sittAstrophysics Data System.[1][2] Koden har ei fastlagd lengd på 19 teikn og har denne forma:YYYYJJJJJVVVVMPPPPAder YYYY er årstalet for referansen og JJJJJ er ein kode som indikerer kvar referansen blei publisert. I tilfellet med ein artikkelreferanse er VVVV bandnummeret, M indikerer seksjonen i artikkelen der referansen blei bublisert (for eksempel B for ein bokstavseksjon), PPPP viser startsiden og A er den første bokstaven i etternamnet til den første forfattaren. Punktum (.) blir brukt for å fylla ubrukte felt og for å få felta til å bli den fastlagde lengda om koden er for kort. Dette gjer ein til høgre for publikasjonskoden og til venstre for band- og sidenummera.[1][2]

Nokre kodedøme:

Bibcode      Referanse
1974AJ.....79..819H Heintz, W.D. (1974). «Astrometric study of four visual binaries».The Astronomical Journal79: 819–825.Bibcode:1974AJ.....79..819H.doi:10.1086/111614. 
1924MNRAS..84..308E Eddington, A.S. (1924). «On the relation between the masses and luminosities of the stars».Monthly Notices of the Royal Astronomical Society84: 308–332.Bibcode:1924MNRAS..84..308E. 
1970ApJ...161L..77K Kemp, J.C.; Swedlund, J.B.; Landstreet, J.D.; Angel, J.R.P. (1970). «Discovery of circularly polarized light from a white dwarf».The Astrophysical Journal Letters161: L77–L79.Bibcode:1970ApJ...161L..77K.doi:10.1086/180574. 

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1M. Schmitz; G. Helou; P. Dubois; C. LaGue; B. Madore; H. G. Corwin Jr.; S. Lesteven (1995). «NED and SIMBAD Conventions for Bibliographic Reference Coding». I Daniel Egret; Miguel A. Albrecht.Information & On-Line Data in Astronomy. Kluwer Academic Publishers.ISBN 0-7923-3659-3. Henta 22. juni 2011. 
  2. 2,02,1«The ADS Data, help page». NASA ADS. Henta 5. november 2007. 
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Bibcode&oldid=3556801»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp