Landet er kjend for å vera eitt av dei mest avsondra i verda gjennom ein medviten politikk ført av dei bhutanske kongane. Mellom anna er det påbode å bera tradisjonelle klede. Få utlendingar har fått reisa inn i landet, og modernemassemedia har vore haldne ute. I dag er likevel bådeturisme ogmedia i vekst.
Fram til1998 hadde kongen totalitær makt i landet, men etter det har han gradvis gjeve frå seg meir og meir makt. KongJigme Singye Wangchuck gjennomførte ein prosess som leidde fram tilvalet i Bhutan 2008, det første frie valet i landet. Singye abdiserte i 2006, og overlét trona til den unge sonenJigme Khesar Namgyal Wangchuck. Bhutan vil framleis vera eitmonarki, og begge partia som stilte ved valet la stor vekt på rolla til kongen.
Bhutan har i røynda treklimasoner. Den særlege er kring 50 km brei med høgder frå 150 til 2000 moh og her er dettropisk klima.Monsun som kjem her om sommarne fører med seg mykje nedbør, som vert pressa opp mot dei høge fjella og gjev store mengderregn. Nedbørnormalen er her kring 2500 mm. Lenger nord ligg den ca. 75 km breie sentrale sonen som for det meste ligg mellom 2000 og 4000 moh. Her er dettemperert klima med monsunregn. Ved grensefjella i Store Himalaya er klimaet nærarktisk.
I nordlege område av landet har ein derimot ein god deltorevêr om våren, lenge før monsunen kjem. Midt i monsuntida, frå juni til september, kjem mykje avnedbøren om natta, og ein kan ha litt sol om ettermiddagen før bygene kjem. Landet har ein normal årsnedbør på om lag 3000 mm, og det meste kjem frå mai til oktober. Under dei høgaste fjelltoppane er vintervêret vanlegvis klårt med frost om morgonen, og av og til litttåke.