Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Bessarabia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bessarabia
rumenskBasarabia
ukrainsk Бесарабія (Besarabija)
russisk Бессарабия (Bessarabija)
bulgarsk Бесарабия (Besarabija)
tyrkiskBesarabya
region
LandMal:Landdata Moldova, Ukraina
Kart
Bessarabia
46°50′00″N29°00′00″E / 46.833333333333°N 29°E /46.833333333333; 29
Kart over Romania og Moldova som syner Bessarabia i gult, Bukovina i grått og Rumensk Moldova i brunt.
Kart over Romania og Moldova som syner Bessarabia i gult, Bukovina i grått og Rumensk Moldova i brunt.
Kart over Romania og Moldova som syner Bessarabia i gult, Bukovina i grått og Rumensk Moldova i brunt.
Wikimedia Commons: Bessarabia

Bessarabia er ein historisk region iAust-Europa mellom elvaneDnestr i aust ogPrut i vest, eit område som i dag hovudsakleg ligg iMoldova med delar iUkraina.

Namnet vart gjeve området fråfyrstedømet Moldavia som vart avstått tilDet russiske keisardømet fråDet osmanske riket etterden russisk-tyrkiske krigen 1806-1812. Restane av Moldavia vart ein del avValakia i1859 og det som skulle verteKongedømet Romania. I1918, like før slutten avden første verdskrigen erklærte Bessarabia seg sjølvstendig frå Russland og etter tre månader vart det slått saman med Kongedømet Romania. Etter Sovjetunionen okkuperte Bessarabia og Nord-Bukovina i1940 i byrjinga avden andre verdskrigen vart Bessarabia ein del av Sovjetunionen etter krigen var over, der det danna størsteparten avMoldovsk SSR. Samstundes vart mindre delar av Bessarabia, i sør (Budjak) og nord (nordlege halvdelen avHotin județ) ein del avUkrainsk SSR. I1991 vart Moldovisk SSR omdøypt til RepublikkenMoldova og27. august same året erklærte landet seg sjølvstendig.

Området var hovudsakleg busett av rumenarar. Det budde frå Napoleonstida òg ein del etniske tyskarar i Bessarabia, som var invitert dit av den russiske tsaren. Dei vart drive bort som følgje avMolotov-Ribbentrop-pakta som avstod området tilSovjetunionen. Den tyske presidentenHorst Köhler sine foreldre var rumenske statsborgarar frå Bessarabia.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Bessarabia&oldid=3574498»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp