![]() | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Hubertus Aegidius Hermanus van Aerle | ||
Fødd | 8. desember1962 (62 år) | ||
Fødestad | Helmond iNederland | ||
Høgd | 177 cm | ||
Posisjon | Høgreback | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1981-1994 | PSV | 278 | (12) |
1986-1987 | →Royal Antwerp (lån) | 22 | (1) |
1994-1995 | Helmond | 15 | (1) |
Landslag | |||
1987-1992 | Nederland | 35 | (2) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Hubertus Aegidius Hermanus van Aerle, kjend somBerry van Aerle, (fødd 8. desember 1962) er einnederlandsk tidlegare fotballspelar fråHelmond som vart europameister med Nederland i 1988, nøyaktig ein månad etter han medPSV Eindhoven var med å vinneeuropacupen 1988. Han spelte jamnast høgreback, tidvis vart han nytta i ei defensiv midtbanerolle.
Aerle debuterte for PSV i mai 1982 og spelte totalt 278 seriekampar for laget fråEindhoven fram til 1994. Med PSV vart han nasjonal seriemeister fem gongar i tida 1986-92. Høgdepunktet som PSV-spelar opplevde han då laget vann Europacupen 1988 med 6-5 motBenfica, etter ein mållaus kamp og straffeskyting. 1986/87-sesongen spelte Aerle påRoyal Antwerp iBelgia på utlån. Han avslutta fotball-karrieren med ein sesong, 1994/95, på andrenivålaget Helmond Sport frå fødebyen. Aerle skåra einast 12 seriemål gjennom sine 13-14 sesongar i toppfotballen.
Nederlands landslag gjorde seg nytte av Aerle i 35 kampar frå debuten iPolen i 1987, utan han nokon gong kom på skåringslista. Under den sigerrikeeuropameisterskapen i 1988, der Nederland vann finalen med 2-0 overSovjetunionen, spelte Aerle høgreback i alle fem oppgjera til Nederland. Sidan deltok han i|Fotball-VM 1990 og iEM 1992, i begge turneringane med plass i fyrsteellevaren. Han spelte sin siste landskamp i november 1992, som i debuten med Polen på motsett banehalvdel.