Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Bern-Alpane

Koordinatar:46°25′N7°45′E / 46.417°N 7.750°E /46.417; 7.750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bern-Alpane
franskAlpes bernoises,tyskBerner Alpen
Fjellkjede
Eiger, Mönch og Jungfrau
Land Sveits
KantonarBern,Vaud,Fribourg,Valais,Luzern,Uri,Nidwalden
Del avNorthwestern Alps
Grensar tilChablais-Alpane,Wallis-Alpane,Dei lepontinske Alpane,Urner-Alpane
Høgaste punktFinsteraarhorn
 •  høgd4 274 moh.
 - koordinatar46°32′19″N8°07′38″E / 46.53861°N 8.12722°E /46.53861; 8.12722
Kart
Bern-Alpane
46°25′30″N7°41′37″E / 46.425°N 7.6936111111111°E /46.425; 7.6936111111111
Dei sentrale Alpane
Dei sentrale Alpane
Dei sentrale Alpane
Wikimedia Commons: Bernese Alps
Jungfrau-Aletsch-Bietschhorn (før 2007-utvidinga)

Bern-Alpane omfattar fleire fjellkjeder i dei vestlege delane avAlpane, iSveits. Sjølv om ein større del av fjella ligg iBerner Oberland-regionen av kantonenBern, ligg delar av Bern-Alpane i dei tilstøytande kantonaneValais,Luzern,Obwalden,Fribourg ogVaud. Dei siste går ofte under nemningane Fribourg-Alpane og Vaud-Alpane, høvesvis.

Rhône-dalen skil Bern-Alpane fråChablais-massivet i vest, og fråWallis-Alpane i sør. Den øvre delen av Rhône-dalen skil dei fråLepontin-Alpane i søraust, medanGrimselpasset ogAar-dalen skil dei fråUri-Alpane i aust. Nordgrensa for Bern-Alpane er mindre klar, men kan seiast å liggje på ei line mellomGenfersjøen ogVierwaldstättersjøen.

Bern-Alpane er nedbørsfelt til elvaAar og bielvaSaane i nord, og til elvaneRhône i sør ogReuss i aust.

Morfologi

[endre |endre wikiteksten]

Ryggrada i Bern-Alpane er ei 100 km lang fjellkjede som strekker seg frå vest (Dent de Morcles) til aust (Sidelhorn) langs grensa mellom kantonane Bern (nord) ogValais (sør). Bortsett frå den aller vestlegaste delen, er denne grensa vasskilje mellomNordsjøen ogMiddelhavet. Denne ryggrada ligg ikkje midt i fjellkjeda, men ligg nær (10-15 km)Rhône-elva i sør. Av den grunn er det stor skilnad mellom landskapa på sørsida og nordsida. På sørsida fell sidedalane bratt ned mot Rhône-dalen, i nord vert fjella gradvis lågare til dei går over i åslandskapet på det sveitsiske platået eller i innsjøaneThunsjøen ogBrienzsjøen i aust.

Vest forGemmipasset består fjellkjeda i hovudsak av nokre få og høge toppar (så somWildhorn), litt over 3000 moh, ofte dekt av isbrear. Fjellkjeda vider seg mykje ut i dei austlege delane, med fjelltindar på over 4000 meter. Dette er elles den delen avAlpane som har flest brear, store og små.

Jungfrau-Aletsch-Bietschhorn

[endre |endre wikiteksten]

Jungfrau-Aletsch-Bietschhorn-området ligg i dei austlege delane av Bern-Alpane, i den mest bredekte delen av Alpane.Aletschgletscher, dei to fjelltoppaneJungfrau ogBietschhorn er særlege attraksjonar å skode. Området vart i 2001 teke med påverdsarvlista tilUNESCO. I 2007 vart området utvida og fekk namnetSchweizer Alpen Jungfrau-Aletsch. Etter utvidinga er fleire store brearmar, somFieschergletscher ogAargletscher, omfatta av UNESCO-lista.

Fjelltoppar

[endre |endre wikiteksten]
Eiger, Mönch and Jungfrau
Eismeer
Finsteraarhorn
Lauterbrunnental
Grünhorn
Oeschinensee
Aletschbreen
Lötschental
Rottal
'Toppen av Europa-anlegget',Jungfraujoch

Dei høgste toppane i Bern-Alpane:

NamnHøgd (moh)
Finsteraarhorn4 274
Aletschhorn4 192
Jungfrau4 158
Mönch4 107
Schreckhorn4 078
Gross Fiescherhorn4 049
Grünhorn4 043
Lauteraarhorn4 042
Hinter Fiescherhorn4 025
Gletscherhorn3 983
Rottalhorn3 972
Eiger3 970
Äbeni Flue3 962
Agassizhorn3 946
Bietschhorn3 934
Trugberg3 933
Klein Grünhorn3 913
Gross Wannenhorn3 906
Klein Fiescherhorn3 895
Mittaghorn3 892
Fiescher Gabelhorn3 876
Nesthorn3 822
Dreieckhorn3 811
Schinhorn3 797
Breithorn ved Lötschental3 785
Breithorn (Lauterbrunnen)3 779
Grosshorn3 754
Sattelhorn3 745
Mittelhorn3 704
Balmhorn3 698
Silberhorn3 695
Wetterhorn3 692
Rosenhorn3 689
Blüemlisalp3 664
Bärglistock3 656
Doldenhorn3 643
Altels3 629
Tschingelhorn3 562
Gspaltenhorn3 436
Fründenhorn3 369
Ewigschneehorn3 329
Hienderstock3 307
Ritzlihorn3 282
Wildhorn3 248
Wildstrubel3 243
Les Diablerets3 210
Wellhorn3 191
Mättenberg3 104
Löffelhorn3 095
Grand Muveran3 051
Sparrhorn3 021

Isbrear

[endre |endre wikiteksten]

Dei størsteisbreane:

Fjellovergangar

[endre |endre wikiteksten]

Dei viktigastefjellovergangane i Bern-Alpane er:

Fjellovergangarstadtypehøgdenivå
LauitorLauterbrunnen tilEggishornsnø3700 m
MönchjochGrindelwald tilEggishornsnø3560 m
JungfraujochWengernalp tilEggishornsnø3470 m
StrahleggpassetGrindelwald tilGrimselpassetsnø
GrünhornlückeAletschgletscher tilFiescherbreensnø3305 m
OberaarjochGrimsel tilEggishornsnø3233 m
GaulipassetGrimsel tilMeiringensnø3206 m
PetersgratLauterbrunnen tilLötschentalsnø3205 m
LötschenlückeLötschental tilEggishornsnø3204 m
LauteraarsattelGrindelwald tilGrimselsnø3156 m
BeichgratLötschental tilBelalpsnø3136 m
LammernjochLenk tilGemmisnø3132 m
TriftlimmiRhonebreen tilGadmentalsnø3109 m
SustenlimmiStein Alp tilGöschenensnø3103 m
GamchiluckeKiental tilLauterbrunnensnø2833 m
TschiugelpassetLauterbrunnen tilKanderstegsnø2824 m
HohtürlipassetKandersteg tilKientalsti2707 m
LötschenpassetKandersteg tilLötschentalsnø2695 m
SefinenfurggeLauterbrunnen tilKientalsti2616 m
WendenjochEngelberg tilGadmentalsnø2604 m
FurtwangsattelGuttannen tilGadmentalsti2558 m
FurkapassetRhônebreen tilAndermattveg2436 m
RawilpassetSion tilLenk im Simmentalrideveg2415 m
GemmipassetKandersteg tilLeukerbadrideveg2329 m
SurenenpassetEngelberg tilAltdorfsti2305 m
SustenpassetMeiringen tilWassenveg2262 m
SanetschpassetSion tilSaanenrideveg2234 m
JochpassetMeiringen tilEngelbergrideveg2215 m
GrimselpassetMeiringen tilRhonebreenveg2164 m
Kleine ScheideggGrindelwald tilLauterbrunnensti, jernbane2064 m
Col de ChevilleSion tilBexrideveg2049 m
Grosse ScheideggGrindelwald tilMeiringenrideveg1967m
Col de JamanMontreux tilMontbovonrideveg
jernbanetunnel
1516 m
BrünigpassetMeiringen tilLuzernveg, jernbane1035 m

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]

46°25′N7°45′E / 46.417°N 7.750°E /46.417; 7.750

Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Bern-Alpane&oldid=3409816»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp