Bern (franskBerne) er hovudstaden iSveits og den fjerde mest folkerike byen i landet (etterZürich,Basel ogGenève) med 140 000 innbyggjarar. Byen vart grunnlagd i 1191. ElvaAare deler byen. Kommunen har 133 920 innbyggjarar (2010) og eit areal på 52 km². Kommunesenteret ligg 542 meter over havet.
Utsyn over Aare.Den sveitsiske nasjonalforsamlinga i Bern.
Bern er òg hovudstad for den tospråklege (tysk ogfransk) kantonen Bern – den nest mest folkerike av Sveits sine 26kantonar. Kantonen Bern har eit areal på 6049 kvadratkilometer og ca. 937 000 innbyggarar (1990).
Ifølgje segna fekk Bern namnet sett frå at grunnleggjaren av byen felte einbjørn (tyskBär) på staden der byen skulle bli bygd. Ein har i fleire hundreår halde bjørnar i fangenskap i Bern, og desse kan ein sjå i bjørnegrotta vedNydeggbrücke.
Etter dei første busetjingane påEngehalbinsel nord for Bern underLa Tène-tida vart byen i 1191 erobra av hertugBerthold V av Zähringen. Ifølgje segna kalla han byen Bern, fordi han skulle ha fanga einbjørn på denne staden. Meir sannsynleg er likevel at Berchthold kalla opp byen til ære for segnheltenDietrich von bern, som han beundra (Bern er eit gammalt tysk ord forVerona). Berchthold bygde byen på landtunga iAare, så han var naturleg verna på tre sider. På den fjerde sida mot land vart det ført opp ein bymur med vakttårn. Den verna plasseringa til byen gjorde det mogeleg med ein hurtig vekst i retning mot vest.
Etter at Zährunger-slekta døydde ut i 1218 vart Bern einfri riksstad. Det endelege sjølvstendet til Bern kom medslaget ved Dornbühl (1298) ogLaupenkrigen (1339). I sistnemnde slaget fekk Bern støtte frå kantonaneUri,Schwyz ogUnterwalden, som Bern hadde danna forbund med i 1323. I 1353 gjekk Bern inn som det åttande området i detgamle eidsforbundet. Etter ein stor bybrann i 1405 gjenoppbygde ein byen isandstein der bygningane tidlegare var av tre. Mellomalderbyen som oppstod då er i store trekk verna til i dag.
I 1439 og 1565 hadde ein to utbrot avpest i byen, der den siste varte i nesten to år og kosta 5000 bernarar livet. Mellom 1622 og 1646 bygde einGrosse Schanze, som var ein forsvarsskanse mot vest. Skansen vart broten ned mellom 1834 og 1846 for å gjere plass til ei ny byutviding. Hovudbygninga avBern universitet er bygd på dei siste restane av skansen.
På 1700-talet var innbyggjartalet svakt fallande, men på midten av 1800-talet steig folketalet påviseleg, og den første sveitsiske forbundssamlinga si utpeiking av Bern som sete for styresmakt i forbundet i 1848 forsterka ytterlegare folkeveksten, som i stor utstrekking skjedde ved vandring frålandsby til by.[2] Med den stigande mengda borgarar vart òg den politiske styreforma i Bern endra, som hittil hadde bestått av ei mengd råd understøtta av rikmannsfamiliar. Deretter vart det innført einGemeindeversamlung, der detdirekte demokrati vart utøvd i folkeforsamlinga, der det vart røysta ved handsopprekning. Desse vart i 1887 avløyst av hemmelege avstemmingar, der det vart valt ein borgarmeister og og mange delegasjonar. I 1894 oppnådde partiet absolutt fleirtal, og i åra fram til 1920 fekk Bern dermed den første sosialdemokratiske borgarmeisteren. Det politiske biletet i Bern byråd har frå 1950-talet vore prega av mange små parti. I 1968 oppnådde kvinnene politisk likerett i Bern.
Byen Bern ligg i det sveitsiskeMittelland ved elvaAare. Gamlebyen til Bern ligg ved ei elvehøgd, og bydelen ligg difor som ei landtunge med vatn på tre sider. Frå den gamle bydelen breier byen seg ut i ein 12 km stor radius.
Byen er omgjeve av høgdedrag og store skogområde. Sjølve hovudstaden Bern er omgjeven av ei rekkje omegnskommunar, og området har i alt omkring 350 000 innbyggjarar. Sjølve hovudstaden består av kommunane Bern,Bremgarten bei Bern,Köniz,Muri,Ostermundigen,Ittigen,Bolligen ogZollikofen, som til saman har omkring 200 000 innbyggjarar.
Folketalet i Bern kommune utgjorde 127 882 ved utgangen av 2006, av dette er 21 % utlendingar. Dei største utanlandske folkegruppene i Bern kjem fråItalia,Tyskland, tidlegareJugoslavia ogSpania.[3]
Tysk er offisielt språk i Bern. Det blir talt spesielt eindialekt som blir kalla Berndeutsch eller bernsk tysk, som er einhøgalemannisk dialekt og ein variant avsveitsartysk.
Sveits har stort sett godt utbygget kollektivtransport, ogkollektivtransporten i Bern er betre utbygt og meir brukt enn i dei fleste andre byar på same storleik. Byen har tretrikkeruter, tretrolleybussruter og 12bussruter forutanS-bane og andrejarnbanesamband. I 2008 hadde byen heile 482 kollektivreiser per innbyggjar.[6]
Det gode kollektivtilbodet kan ha bidrege til at biltettleiken i 2009 minka for fjerde år på rad og sokk under 400 PR. 1000 innbyggjarar, mot 409 året før.