| Berlin lufthamn, Tempelhof | |||
Berlin lufthamn, Tempelhof. Foto:Matthias Wagner | |||
| IATA | THF | ||
|---|---|---|---|
| ICAO | EDDI | ||
| Operatør | Berliner Flughafen-Gesellschaft mbH | ||
| Tener | Berlin | ||
| Stad | Neukölln,Tempelhof-Schöneberg | ||
| Opna | 8. oktober 1923 | ||
| Høgd | 167 fot | ||
| Koordinatar | 52°28′25″N 13°24′6″E | ||
| Nettstad | http://www.thf-berlin.de | ||
![]() Berlin lufthamn, Tempelhof 52°28′25″N13°24′06″E /52.473611111111°N 13.401666666667°E /52.473611111111; 13.401666666667 | |||
Berlin lufthamn, Tempelhof (offisieltFlughafen Berlin-Tempelhof) er ei berømtlufthamn iBerlin.
Flyplassen ligg med sine 284 000 kvm midt i Berlin, innanfor både undergrunnsbanenettet og Sbaneringen som går rundt bykjerna. I 1923 vart dei første to flyhallane bygde her, og med 100 avgangar og ankomstar det første året vart trafikken rekna som sterk, og ei utviding vart planlagd. I 1934 utvikla arkitektenErnst Sagebiel ein plan som villle gjere Tempelhof i stand til kvart år å kunne handtera 6 millionar passasjerar – mot 200 000 som var tilfelle i 1934. Då denne utbygginga stod ferdig var Tempelhof flyplass den største bygningen i verda målt i flateareal, og framleis i dag (juni 2007) er han ein av dei tre største saman medPentagon iWashington D.C. og Parlamentspalasset iBucureşti.
Radarantenna ved Tempelhof var underden kalde krigen det austlegaste flyovervåkningsapparatetUSA hadde.
Sommaren 1975 vart sivilflytrafikken ved Tempelhof flytta til den nye flyplassenTegel utanfor bykjerna, men flyplassen vart opna att i 1985 for firmareising og små fly. Den relativt korte rullebanen begrenser storleiken på flytrafikken frå Tempelhof, og i dag vert flyplassen mest brukt til innanriks flyfart.
På grunn av økonomi ville Senatet i Berlin stenge flyplassen, noko dei ulike flyselskapa gjennom ankesaker greidde å utsetje til 2008. Då trådeBescheid zum Widerruf der Betriebserlaubnis für den Flughafen Tempelhof[1] i kraft, noko overforvaltningsdomstolen forBerlin-Brandenburg hadde godkjend. Motstanden mot dette var likevel stor i Berlin, og meir enn 29 000 underskrifter vart overlevert til Senatet.
Den britiske arkitekten SirNorman Foster har ved fleire høve uttalt seg særs positivt om Tempelhof, og har kalla flyplassen «die Mutter aller Flughäfen» – «alle flyplassar si mor».